Kalebass (frå spansk calabaza gjennom fransk calebasse, kanskje opphavleg persisk) er namnet på det hole og tørka fruktskalet frå det tropiske kalebasstreet (Crescentia cujete) i trompettrefamilien Bignoniaceae, som ein finn i Sør-Amerika.
I andre område brukar ein også fruktskal av artar i graskarfamilien (Cucurbitaceae), som til dømes flaskegraskar, (Lagenaria siceraria) til slikt handverk. Ordet «kalebass» vert også brukt om drikkekar, skåler og anna handverk som er laga av slike skal.
Kalebassar har ei rekkje ulike bruksområde. Dei kan brukast som flasker, glas, auser, piper, fløyter, rangler, fuglekasser og flytarar for fiskegarn. Ein kan også dekorera dei gjennom måling, rissing eller utskjering.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kalebass, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.