Kåre Magnus Bergh (fødd 22.
desember">22. desember 1978) er ein norsk programleiar og biletkunstnar. Han har òg spela i bandet Hello Countryclub. Bergh er likevel mest kjend som programleiar for store, direktesendte TV-show som Idol, Sommeråpent, Stjernekamp og Melodi Grand Prix.
Kåre Magnus Bergh | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. desember 1978 (45 år) Hamar kommune |
Yrke | programleiar, musikar, kunstmålar |
Kåre Magnus Bergh på Commons |
Bergh vart kjend som programleiar for talenttevlinga Idol på TV 2, der han leia sendingane saman med Solveig Kloppen i 2005 og 2006. Frå hausten 2006 presenterte han tradisjonell rockemusikk saman med musikkjournalisten Tor Milde som programleiar i P4 sin radiokanal P4 Bandit.
I desember 2007 vart Bergh ein av fleire programleiarar i NRK Super, NRK sin fjernsynskanal for barn. Jula 2008 leia han Julemorgen saman med Yasmin Syed. Hausten 2009 leia han Melodi Grand Prix junior på NRK saman med Marthe Sveberg Bjørstad. Han har leia fleire tv- og radioprogram saman med kollega Ingrid Gjessing Linhave, blant anna Kvelden før kvelden og radioserien Kveldsstell på NRK P1.
Bergh har òg vore programleiar for programserien Stjernekamp på NRK1 sidan fyrste sesong i 2012, og han har leia Melodi Grand Prix kvart år sidan 2015: tre gonger saman med Silya Nymoen (2015, 2016 og 2018) og éin gong kvar med Line Elvsåshagen (2017) og Heidi Ruud Ellingsen (2019). Sidan 2020 har han leia Melodi Grand Prix saman med Ingrid Gjessing Linhave og Ronny Brede Aase.
Bergh er utdanna målar blant anna i Oslo, Frankfurt am Main og Kunsthøgskolen i Bergen. Han har halde fleire separatutstillingar, blant anna for Kunstnerforbundet i 2007.
Bergh er oppvaksen på Hamar, men har sidan budd i blant anna Bergen og Oslo.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kåre Magnus Bergh, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.