Frankfurt am Main er ein by ved elva Main i Tyskland og den største byen i delstaten Hessen og den femte største i landet.
Han har eit innbyggjartal på litt over 670 000, men det urbane området går langt ut over bygrensene, og sjølve storbyområdet har nesten 6 millionar innbyggjarar. Dette er det nest største storbyområdet i Tyskland.
Frankfurt am Main | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Tyskland Hessen Darmstadt Kreisfri by |
Grunnlagd | 1. hundreåret |
Geografi | |
Flatevidd - By | 248,31 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2008-03-31) - folketettleik - Storbyområde | 670 095 2 666/km² 5 800 000 |
Koordinatar | 50°06′37″N 08°40′56″E / 50.11028°N 8.68222°E |
Høgd over havet | 112 m |
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 60001-60599, 65901-65936 |
Telefon-retningsnummer | 069, 06109, 06101 |
Bilnummer | F |
Heimeside: www.frankfurt.de |
Frankfurt er eit senter for økonomi og transport i Tyskland. Her ligg mellom anna Den europeiske sentralbanken, Frankfurt-børsen og er i lag med Paris ein av dei to største finansmetropolane i Europa. I følgje Liverpool University var Frankfurt den rikaste byen i EU i 2001 målt etter BNP per innbyggjar.
Vanlegvis vert byen berre kalla Frankfurt, sjølv om tyskarane stundom brukar det fulle namnet for å skilje han frå den mykje mindre byen Frankfurt an der Oder i Brandenburg.
Frankfurt er ein stor finansmetropol i Europa. Den europeiske sentralbanken, Frankfurt-børsen, en av verdens største børser, og den tyske sentralbanken Bundesbank ligg her. Det same er hovudkontora til storbankane Deutsche Bank, Dresdner Bank og Commerzbank. Frankfurt er derfor også kjent som Bankfurt, eller som Mainhatten på grunn av av dei mange skyskraparane i byen. Den høgaste skyskraparen, i tillegg til åtte av dei ti høgaste i Europa, finst her.
Frankfurt er verdas største forlagsby. Verdas viktigaste bokmesse, Frankfurter Buchmesse, blir halden her kvart år. Ho blei arrangert for første gong i 1478
Namnet Frankfurt er avleia frå den germanske stammen frankarane, og var opphavleg Franconofurt. Namnet blir først nemnt i 794, då Karl den Store heldt ei riksforsamling her. I det tysk-romerske riket var Frankfurt ein av dei viktigaste byane. Frankfurter Messe blir nemnt for første gong i 1150. I 1240 gav keisar Friedrich II vitjande til byen keisarleg vern. Frankfurt blei ein riksby, direkte underlagt keisaren, i 1372.
Frå 855 blei dei tyske kongane og romerske keisarane valde i Frankfurt. Frå 1562 blei dei òg krona i Frankfurt, med Maximilian II som den første. Tradisjonen tok slutt etter 1792, då Franz II blei vald som den siste tysk-romerske keisaren.
Ein av dei travlaste flyplassane i europa er Frankfurt Flughafen som ligg rett utanfor byen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Frankfurt am Main, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.