Italiensk Salat

Italiensk salat er i norsk tradisjon ein salat av strimla grønsaker og kjøt i majones.

Han blir mykje brukt som pålegg.

Namnet skal koma frå at salaten inneheld dei tre fargane i det italienske flagget. Ein dansk variant av italiensk salat inneheld «raud» gulrot, grøne erter og kvit majones.

Historie

Det finst norske oppskrifter på italiensk salat frå 1830-talet av. Ei oppskrift frå 1833 inneheld «Spegepølse i tynde Skiver, [...], Citronskiver, som Skallen og Kjærnerne ere tagne fra, [...] Østers, Oliven, Capers, hakkede Anschovis, Eddik, Olive og Peber.» Ei oppskrift frå 1846 inneheld kalkun eller høns i strimlar, asparges, potet, reker, oliven og kapers. Dressingen er laga av kokt eggeplomme, sukker, sennep, fløyte og eventuelt olje, eddik og madeiravin. Salaten blir pynta med karse, reker, oliven, raudbete og ansjos i strimlar.

Ei oppskrift på italiensk salat frå 1920 minnar meir om russisk salat med kokte, kalde grønsaker som gulrot, selleri og persillerot skorne i terningar, tilsett grøne erter og majonessaus og pynta med salat, persille eller karse. Kolde anretninger til frokost- og aftensbordet av Hedvig Irgens frå 1926 har fleire oppskrifter på italiensk salat, to med strimla ingrediensar og to med terningar.

Seinare er italiensk salat særleg blitt kjend som eit ferdig produkt ein kan kjøpa i butikkar. Delikat Fabrikker (no del av Mills) hadde italiensk salat som sitt største produkt. Delikat-salaten er laga av kål og gulrot i strimlar med ei dressing av mellom anna majones, og minner mykje om coleslaw.

Sjå òg

  • Antipasto, italiensk forrett
  • Caprese, ein kjend italiensk salat
  • Panzanella, toscansk brødsalat

Kjelder

Tags:

MajonesPåleggSalat

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Roger AlbertsenSoldatMichael UhrmannSexyWilhelm FilchnerLundefuglSilkehegreLittle WalterSerious Hits… Live!Tromsø kommuneMispelFranz LisztNikita KhrusjtsjovKvam heradTarasåsenProud MarySteingardar i NoregA Whiter Shade of PaleRonja RøverdatterEndetarmVitskap i 1881Grete Ingeborg NykkelmoGabriel PimbaDyreidrettBruno CoutinhoBill ChamplinShrekØresundbruaSax-a-boomIrakPiknikkorg216 KleopatraVerdas landHound DogKongsberg GruppenJesusUigurarBook of KellsSamisk historieGulWehrmachtBjörn SkifsMusculus latissimus dorsiDet norske herrelandslaget i fotballRhinenBrohlbachArne RustadstuenQawahDanmarkCoventry CityJernManuela Di CentaAlbaX av Kylie MinogueSamleiePápingoBrasilEIn the City av EaglesStorspoveFrits ThaulowKrysantemumAnnaZítsaDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenRådyrPunktskriftGammalkyrkjeslaviskMount Salisbury i AntarktisWilliam OrpenPetter HugstedBjørkefinkKristopher SchauNazismeOuverture i fransk stilAksel SandemoseThe Diving BoardO helga natt🡆 More