Elektra Records er eit amerikansk plateselskap som var verksamt frå 1950 til 2004.
Selskapet vart i 2009 gjenoppretta som eit underselskap til Atlantic Records.
Elektra Records | |||
| |||
Skipa | 1950 | ||
---|---|---|---|
Morselskap | Warner Music Group | ||
Hovudkontor | New York by | ||
Land | USA | ||
Grunnleggjar(ar) | Jac Holzman | ||
Nettstad | http://www.elektra.com (engelsk) |
Elektra Records vart grunnlagt 10. oktober 1950 av Jac Holzman og Paul Rickholt, og konsentrerte seg opphavleg om folkemusikkartistar som Judy Collins. Midt på sekstitalet byrja Elektra òg å gje ut plater i sjangrane rock og psykedelia. Blant deira mest kjende band var The Doors, Love og Incredible String Band. Dei har òg jobba saman med det kjende Heavy Metal-bandet Metallica på blant anna albumet Master of Puppets.
I 1970 vart selskapet selt til Kinney Corporation, som slo det saman med Warner Bros. Records til WEA (Warner-Elektra-Atlantic). Dette konglomeratet vart i 2004 selt vidare til eit nytt konglomerat, og i april same år vart etiketten lagt ned. Fem år seinare vart selskapet gjenoppretta.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elektra Records, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.