Montreux er ein by og ein kommune i distriktet Riviera-Pays-d'Enhaut i kantonen Vaud i Sveits.
Kommunen har 24 579 innbyggjarar (2010) og eit areal på 33 km². Kommunesenteret ligg 390 meter over havet. Byen ligg på nordbreidda av Genfersjøen, aust for Lausanne.
Montreux | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Vaud | ||
Distrikt | Riviera-Pays-d'Enhaut | ||
Språk | fransk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune | 33,40 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 24 579 735,9 /km² | ||
Koordinatar | 46°26′0″N 6°55′0″E / 46.43333°N 6.91667°E | ||
Høgd over havet | 390 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1820 | ||
Nettstad: www.montreux.ch |
Montreux er ein kjend kurstad og særleg kjend for ulike kulturarrangement. Fremst mellom desse er Montreux Jazz Festival. Fram til 2003 vart Festival Rose d'Or (Montreuxfestivalen), som delte ut prisen Gullrosa for framifrå fjernsynsprogram, arrangert i byen. Sidan 2004 har den sistnemnde festivalen vorte arrangert i Lausanne.
Det går ein tannhjulbane frå bysentrum via Caux 10,4 km til Rochers de Naye (1970 moh.). Sør for bysenteret ligg slottet Chillon frå 800- eller 900-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Montreux, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.