Ashram eller asjram er ein stad for kommunal tilbaketrekking i hinduismen, noko liknande eit klostervesen.
Frå gammalt av her menn og kvinner, også ektepar, samla seg i ei gruppe hytter i skogen, der dei kunne leva eit fromt og enkelt liv og driva religiøse studiar og øvingar under leiing av heilage menn.
Ashram-ideen er blitt teken opp av nye indiske leiarar som Gandhi (som Sabarmati Ashram ved Ahmedabad), Aurobindo (i Puducherry) og Tagore (ved Shantiniketan i Bengal). Andre kjende ashramar er Sivananda Saraswati og Maharishi Mahesh Yogi sine ashramar ved Rishikesh. På 1960-talet vitja mange vestlege kjendisar, som The Beatles, Maharishi-ashramen.
Også kristne har oppretta ashramar i India, både innfødde nasranikristne og misjonærar. Andre er blitt inspirerte av ideen til å oppretta ashram-samfunn i Vesten (til dømes Communauté de l'Arche/Community of the Ark oppretta av Lanza del Vasto i 1948). Andre ashram-senter kan fokusera på kurs i yoga, ayurveda og liknande.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ashram, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.