Greatest Hits Samlealbum av Queen |
|
Utgjeve | 26 Oktober 1981 |
Innspelt | 1973–1980 (1981 britisk utgåve (Parlophone) & 2011 britisk utgåve (Island) & 1994 amerikansk utgåve) 1972–1981 (1981 nordamerikansk utgåve) 1974–1981 (1981 japansk utgåve) 1972–1983 (1992 amerikansk utgåve (Hollywood Records) 1973–1982 (2004 amerikansk utgåve (Greatest Hits: We Will Rock You) |
Sjanger | rock |
Lengd | 58:19 (britisk utgåve) |
Selskap | Parlophone (Europa) Hollywood (Nord-Amerika) |
Produsent | Queen, forskjellige |
Queen-kronologi |
| Greatest Hits | The Complete Works (1985) |
Greatest Hits er eit samlealbum av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i Storbritannia den 26. oktober 1981. Albumet bestod av dei bestseljande singlane til Queen sidan «Seven Seas of Rhye» i 1974 og fram til «Flash» i 1980 (somme land hadde med «Under Pressure» frå 1981). Det var ikkje noko universell sporliste på omslaget, og kvart ormåde hadde forskjellig innhald etter kva singlar som kom ut der og kva singlar som hadde vore ein suksess.
Greatest Hits vart raskt ein suksess og låg på toppen av UK Album Chart i fire veker, og låg meir enn 700 veker inne på den britiske albumlista. I Storbritannia er albumet det mestseljande gjennom tidene med over seks millionar selde eksemplar. Det har seld til 8x platinaplate i USA, og er det mestseljande Queen-albumet verda over med meir enn 25 millionar selde eksemplar. Dette gjer det til eit av dei mestseljande albuma i verda gjennom tidene. Radiohead-gitaristen Ed O'Brien hylla Greatest Hits som «feilfritt» og «absolutt genialt», medan den britiske journalisten Brian Viner kalla det det beste albumet som finst.
Historie
Det var ikkje ei universell sporliste eller plateomslag for Greatest Hits, og innhaldet på plata var forskjellig frå område til område, basert på kva singlar som hadde kome ut der, og korleis singlane hadde gjort det. I somme tilfelle var det ikkje gjeve ut nok singlar i eit territorium til å fylle eit heilt album, trass i populariteten til bandet, og ein nytta eit par albumspor for å fylle opp albumet. Døme på dette var «Sweet Lady» og «Love of My Life», som aldri vart gjevne ut på singel i noko land, men som var på samlealbumet i somme regionar. I Storbritannia og USA inneheld albumet berre singlar som hadde nådd topp 20.
Innhald
|
1. | «Bohemian Rhapsody» (frå A Night at the Opera, 1975) | Freddie Mercury | 5:57 |
2. | «Another One Bites the Dust» (frå The Game, 1980) | John Deacon | 3:36 |
3. | «Killer Queen» (frå Sheer Heart Attack, 1974) | Mercury | 2:57 |
4. | «Fat Bottomed Girls» (singelversjon, frå Jazz, 1978) | Brian May | 3:22 |
5. | «Bicycle Race» (frå Jazz, 1978) | Mercury | 3:01 |
6. | «You're My Best Friend» (frå A Night at the Opera, 1975) | Deacon | 2:52 |
7. | «Don't Stop Me Now» (frå Jazz, 1978) | Mercury | 3:29 |
8. | «Save Me» (singelversjon 1981, frå The Game, 1980) | May | 3:48 |
|
9. | «Crazy Little Thing Called Love» (frå The Game, 1980) | Mercury | 2:42 |
10. | «Somebody to Love» (frå A Day at the Races, 1976) | Mercury | 4:56 |
11. | «Now I'm Here» (frå Sheer Heart Attack, 1974) | May | 4:10 |
12. | «Good Old-Fashioned Lover Boy» (frå A Day at the Races, 1976) | Mercury | 2:54 |
13. | «Play the Game» (frå The Game, 1980) | Mercury | 3:33 |
14. | «Flash» (singelversjon, frå Flash Gordon, 1980) | May | 2:48 |
15. | «Seven Seas of Rhye» (frå Queen II, 1974) | Mercury | 2:47 |
16. | «We Will Rock You» (frå News of the World, 1977) | May | 2:01 |
17. | «We Are the Champions» (frå News of the World, 1977) | Mercury | 3:00 |
Total lengd: | 57:20 |
|
1. | «Another One Bites the Dust» | | 3:37 |
2. | «Bohemian Rhapsody» | | 5:58 |
3. | «Crazy Little Thing Called Love» | | 2:44 |
4. | «Killer Queen» | | 3:02 |
5. | «Fat Bottomed Girls» | | 3:23 |
6. | «Bicycle Race» | | 3:01 |
7. | «Under Pressure» (seinare på Hot Space, 1982) | Queen, David Bowie | 4:05 |
8. | «We Will Rock You» | | 2:02 |
9. | «We Are the Champions» | | 3:01 |
10. | «Flash» | | 2:49 |
11. | «Somebody to Love» | | 4:58 |
12. | «You're My Best Friend» | | 2:52 |
13. | «Keep Yourself Alive» (singelversjon i mono, frå Queen, 1973) | May | 3:32 |
14. | «Play the Game» | | 3:30 |
Total lengd: | 47:58 |
|
1. | «Bohemian Rhapsody» | | 5:55 |
2. | «Another One Bites the Dust» | | 3:33 |
3. | «Killer Queen» | | 3:00 |
4. | «Fat Bottomed Girls» | | 3:22 |
5. | «Good Old-Fashioned Lover Boy» | | 2:32 |
6. | «Don't Stop Me Now» | | 3:28 |
7. | «Save Me» | | 3:48 |
8. | «Under Pressure» | | 4:05 |
9. | «Crazy Little Thing Called Love» | | 2:42 |
10. | «Somebody to Love» | | 4:55 |
11. | «Now I'm Here» | | 4:15 |
12. | «Teo Torriatte» (singelversjon, frå A Day At The Races, 1976) | May | 5:00 |
13. | «You're My Best Friend» | | 2:50 |
14. | «Play the Game» | | 3:28 |
15. | «Flash's Theme A.K.A. Flash» | | 2:47 |
16. | «We Will Rock You» | | 2:00 |
17. | «We Are the Champions» | | 2:58 |
Total lengd: | 60:37 |
|
18. | «I'm in Love with My Car» (sjeldan original singelmiks, frå A Night at the Opera, 1975) | Roger Taylor | 3:12 |
19. | «Under Pressure» (frå Queen on Fire - Live at the Bowl, 2004) | | 3:39 |
20. | «Tie Your Mother Down» (frå Queen on Fire - Live at the Bowl, 2004) | May | 3:52 |
Total lengd: | 69:17 |
I tillegg til variasjonane over fanst desse utgåvene:
- Argentina, Brasil, Mexico og Venezuela hadde «Love Of My Life» (live-versjon) i staden for «Seven Seas Of Rhye».
- Belgia og Spania hadde «Spread Your Wings» som eit ekstra spor
- Australia var identisk til den amerikanske versjonen, men hadde med «Tie Your Mother Down» som eit ekstra spor.
- Bulgaria hadde «Death On Two Legs» og «Sweet Lady» som ekstraspor.
- Canada, Tyskland, Israel og Nederland hadde «Under Pressure» som ekstra spor
- Tyskland hadde òg «Spread Your Wings» på somme førstetrykkingar av plata.
Lister
Liste (1981) | Plassering |
Austerrike | 1 |
Tyskland | 1 |
Nederland | 1 |
New Zealand | 1 |
UK Albums Chart | 1 |
Liste (1982) | Plassering |
Noreg | 21 |
Liste (1992) | Plassering |
Australia | 8 |
Canada | 4 |
Frankrike | 5 |
Ungarn | 12 |
Sverige | 21 |
Sveits | 5 |
US Billboard 200 | 11 |
Liste (2004) | Plassering |
US Catalog Albums | 2 |
Liste (2007) | Plassering |
US Hard Rock Albums | 5 |
Liste (2008) | Plassering |
Spania | 63 |
Liste (2011) | Plassering |
Belgia (Vallonia) | 78 |
Frankrike | 56 |
Mexico | 53 |
Salstrofé
Kjelder
Bakgrunnsstoff
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Greatest Hits av Queen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.