Killer Queen

«Flick of the Wrist»

Killer Queen
Singel av Queen
frå albumet Sheer Heart Attack
A-side

Språk engelsk
Utgjeve 21. oktober 1974
Innspelt 1974, Trident Studios
Sjanger
Lengd 3:00
Selskap EMI (UK), Elektra (US)
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Roy Thomas Baker, Queen
Queen-kronologi 
«Seven Seas of Rhye»
(1974)
Killer Queen «Now I'm Here»
(1975)


«Killer Queen» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Det var den første store internasjonale hitten deira, og nådde andreplassen i Storbritannia og 12. plassen i USA. Han var skriven av frontmannen Freddie Mercury og kom ut på det tredje albumet deira, Sheer Heart Attack, og seinare på det første samlealbumet deira, Greatest Hits.

Songen handlar om ein luksusprostituert. Han har blitt skildra som «Mercury sin pianodominerte hymne til ein Moët-drikkande kurtisane». AllMusic skildra songen som den byrjinga på «radiostilen» til Queen, og «sender minnene attende til gamle kabaret-songar, men syner òg korleis Queen raskt vart meistrar av power pop». Rockehistorikaren Paul Fowles har skrive at «Killer Queen», med sine «sjuskete Paris-aktige bilete», lèt Mercury «unike rocketeater» få «frie tøylar». Songen vann Mercury hans første Ivor Novello-pris.

Bakgrunn og utgjeving

Då han kom ut som singel, vart «Killer Queen» det store gjennombrotet til Queen med ein andreplass i Storbritannia og 12. plass i USA. Han vart gjeven ut som ei dobbel A-side i Storbritannia, USA og Canada (der han nådde 15. plassen på RPM 100), med songen «Flick of the Wrist». I 1986 vart han gjeven ut som B-side til «Who Wants to Live Forever». Songen var eit steg til side for dei tyngre songane frå dei to første albuma til bandet, i tillegg til byrjinga på ein meir stilmessig tilnærming til låtskrivinga. Samstundes hadde «Killer Queen» essensen i Queen-stilen, særleg dei grundige vokalharmoniane. I følgje magasinet Q er gitarsoloen på «Killer Queen», den nest beste gjennom tidene.

Mercury har sagt at han skreiv teksten før melodien og musikken, noko han vanlegvis gjorde motsett veg. Innspelinga består av omstendelege firedelte harmoniar (særleg i refrenga), og i koret på versa. og ein gitarsolo i fleire spor av Brian May. Det første verset i songen inneheld eit sitat som ofte (feilaktig) er sagt å kome frå Marie Antoinette: «Let them eat cake,» she says, Just like Marie Antoinette. Melodien liknar ein kjend fransk song frå 1800-talet, kalla «Les Champs-Élysées», som igjen er basert på ein engelsk song kalla «Waterloo Road».

Innspeling

Utanom flygelet, speler Mercury på eit vanleg piano, for å gje songen ein varieté-stil. På eit tidspunkt er det to markante bassgitarlinjer. I motsetnad til dei to første Queen-albuma, vart songen delvis spelt inn utafor England, i Rockfield Studios i Wales.

Konsertversjonar

Songen vart spelt på konsertane deira frå 1974 til 1978 som ein del av ein medley. I 1974-75 vart songen spelt etter «In the Lap of the Gods», og i 1975–76, vart songen spelt etter «Bohemian Rhapsody» medan «The March of the Black Queen» vanlegvis følgde. I 1977 vart songen spelt som introduksjonen til ein medley, etterfølgd av «Good Old-Fashioned Lover Boy», og i 1978 før «Bicycle Race». I 1979 spelte bandet det meste av songen, og etter gitarsoloen var over, opningstaktane av «I'm in Love with My Car». Songen vart spelt i Montreal Forum i Quebec i Canada i november 1981, og vart gjeven ut på konsertalbumet Queen Rock Montreal. I 1984 og 1985, under The Works-turneen, vart han igjen spelt i ein medley med ein forkorta versjon av «Somebody to Love». Seinare laga dei ein video av opptaket deira frå 974 på Top of the Pops.

I 2015 vart han spelt i ein medley med «Bohemian Rhapsody» på Queen & Adam Lambert Rock Big Ben Live av Queen + Adam Lambert.

Slutten på songen vart aldri spelt på konsert av Queen.

Ettermæle

Den amerikanske popsongaren Katy Perry har nemnt «Killer Queen» som ei viktig inspirasjonskjelde og sa «Eg oppdaga musikk med Queen-songen 'Killer Queen' og han var medverkande til at eg fann meg sjølv som 15-åring. Måten Freddie Mercury formidlar teksten fekk meg til å kjenne meg som ei sjølvsikker kvinne»

Lister

Vekeslister

Liste (1974–75) Plassering
Australia 24
Austerrike 10
Belgia [treng kjelde] 4
Canadian RPM Top Singles 15
Nederland 3
Frankrike[treng kjelde] 10
Tyskland 12
Irland 2
Noreg 4
UK 2
U.S. Billboard Hot 100 12
U.S. Cash Box Top 100 12
WLS survey (Chicago) 1

Årslister

Liste (1974) Plassering
UK 27
Liste (1975) Plassering
Australia 105
Canada 132
U.S. Billboard 78
WLS survey (Chicago) 6

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI) Sølv 250 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Killer Queen Bakgrunn og utgjevingKiller Queen InnspelingKiller Queen KonsertversjonarKiller Queen EttermæleKiller Queen ListerKiller Queen SalstroféKiller Queen MedverkandeKiller Queen KjelderKiller Queen BakgrunnsstoffKiller QueenFlick of the Wrist

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NoregKelvinSpeidarrørslaCristiano RonaldoHolbækPåhengsmotorMolde kommuneSvanesjøenInflasjonPortugisiskStord kommuneJolene av Dolly PartonZinédine ZidaneKlima i ArgentinaSosialistHenrik II av EnglandHaakon Magnus av NoregPanserbataljonenBygdedyretPlatonAbugidaVendlandRoger KjendalenTorstein FlakneNederlandMagnisíaOseanografiFossekallAluminiumMiddelhavetAureWikipediaAsh Sharqiyah-regionen i OmanPetter DassEmma EllingsenHans Majestet Kongens GardeAsker kommuneLeksikonBokormEtanTermisk diffusivitetKarsten WarholmJemenTommeNato-alfabetetReinheitsgebotJordbruksrevolusjonenGoiásDen raude plassenDen kalde krigenGunnhild SundliHomogeniseringHjortGoogleJean-François MilletKalambákaItaliaKolLímni PlastíraKleopatraEvnukkGesimsNormert talemålPedro I av BrasilVisentSjakkImplisitt og eksplisitt funksjonSamleiePilt-OlaOslo Øst fotballHaaretzEikefjord idrettslagFarkadónaVM i alpine greiner 2019🡆 More