VG-lista er den offisielle salslista for musikk i Noreg.
Lista omfattar både singelar (Topp 20) og album (Topp 40). Ein gong i veka vert ei ny liste presentert i avisa VG og NRK-programmet Topp 20. Lista baserer seg på utsal frå om lag 100 platebutikkar rundt om i landet.
Singellista starta som ei Topp 10-liste i veke 42 i 1958 og vart utvida til ei Topp 20-liste i veke 5 1995. Samstundes vart albumlista utvida til Topp 40. Albumlista hadde frå ho kom i gang første gong i veke 1 1967 vore ei Topp 20-liste. Den første singelen på toppen av VG-lista var Billy Vaughn Orchestra med «Sail Along Silvery Moon».
Sidan veke 10 2003 har òg sal av musikk-DVDar hatt ei eiga liste.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article VG-lista, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.