Katherine Elizabeth Hudson, betre kjend som Katy Perry, (fødd 25.
oktober 1984) er ein USA-amerikansk songar frå Santa Barbara i California. Ho er mellom anna kjend for singlane «I Kissed a Girl», «Hot 'n Cold», «California Gurls», «Teenage Dreams», «Firework» og «E.T.» (sistnemnde i samarbeid med rapparen Kanye West). Perry var den første artisten med ein singel på Billboard Hot 100 i 52 veker etter kvarandre, ein rekord ho seinare utvida til 69 veker.
I 2008 var ho vert for MTV Europe Music Awards, der ho vann prisen for beste nye artist (Best New Act). I 2011 vann ho prisen frå same gruppe for beste live-artist (Best Live Act). Musikkmagasinet Billboard utnemnde henne til «årets kvinne» i 2012.
Perry har også opptredd som skodespelar, mellom anna i filmane Get Him To the Greek frå 2010 og Zoolander 2 frå 2016.
Kate Perry var gift med den britiske komikaren Russell Brand frå 2010 til paret skilde lag i 2012.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Katy Perry, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.