Seven Seas Of Rhye

See What A Fool I've Been, Funny How Love Is (UK 3 CD-singel), The Loser in the End (Japan)

Seven Seas of Rhye
Song av Queen
frå albumet Queen
Utgjeve 1973
Innspelt 1971-1972
Selskap EMI
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Seven Seas of Rhye
Singel av Queen
frå albumet Queen og Queen II
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 23. februar 1974
Innspelt August 1973 i Trident Studios
Sjanger Hardrock
Lengd * 2:47 (Queen II)
  • 1:15 (Queen - instrumental)
Selskap EMI (UK), Elektra (US)
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Roy Thomas Baker, Queen
Queen-kronologi 
«Liar»
(1974)
Seven Seas of Rhye «Killer Queen»
(1974)


«Seven Seas of Rhye» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart hovudsakleg skriven av Freddie Mercury med bidrag frå Brian May i det andre mellomspelet. Songen er offisielt berre tilskriven Mercury. Ein tidleg instrumentalversjon vart gjeven ut som det siste sporet på debutalbumet Queen (1973), og den endelege versjonen kom på det neste albumet, Queen II (1974). Den ferdige versjonen vart gjeven ut som den tredje singelen til bandet, den tidlegaste utgjevne songen som kom med på Greatest Hits-albumet, utanom somme versjonar som òg har med den første singelen deira, «Keep Yourself Alive».

I starten var Seven Seas of Rhye berre ei «instrumental skisse som avslutta det første albumet». Ei utvida utgåve, planlagt for albumet Queen II, vart spelt då Queen brått fekk tilbodet om å spele på Top of the Pops i februar 1974, og vart gjeven ut på singel berre to dagar seinare den 23. februar. Han vart den første singelen som gjekk inn på singellista i Storbritannia etter at han vart spelt på BBC Radio 1, og nådde 10. plassen på UK Singles Chart, som igjen overtydde Freddie Mercury om å gjere Queen til fulltidskarrieren sin.

Songen vart droppa frå konsertane deira i 1976 og vart ikkje spelt igjen før under «Works»-turneen åtte år seinare.

Stil, oppbygging og tolking

Songen inneheld ein markant arpeggiert pianointro. Denne pianointroen er sampla i «It's a Beautiful Day (reprise)» på albumet Made In Heaven.

Versjonen på Queen II endar med ein overtoning, der instrumenta blandar seg inn i bandet som syng «I Do Like to Be Beside the Seaside», akkompagnert av ein stylophone, spelt av Roy Thomas Baker, som var det einaste unntaket til «no synths»-uttalinga deira. Songen er siste song på Queen II og ein kan så vidt høyre songen bli plystra under dei første få sekunda av «Brighton Rock», som opnar det neste albumet deira, Sheer Heart Attack.

I eit radiointervju i 1977 skildra Freddie Mercury temaet i songen som «noko han hadde dikta opp». I Queen-musikalen We Will Rock You er Seven Seas of Rhye ein stad der bohemane vert teken etter dei vert angripen av Khashoggi.

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Seven Seas Of Rhye Stil, oppbygging og tolkingSeven Seas Of Rhye MedverkandeSeven Seas Of Rhye KjelderSeven Seas Of Rhye BakgrunnsstoffSeven Seas Of RhyeQueen II

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Casanova av SupergruppaAluminiumTrykkJeanne d'ArcSvartehavetPyramidekabalAlenMatematikarPeter GabrielColombiaGezer regionale kommuneBergenHagebruksreiskapMartha SkrettebergArabiskKravområde i AntarktisErnst JosephsonFrøylandsvatnetKathakaliSjakkThesprotíaBlandingEselIlta-SanomatKvam heradDemian VitanzaLynni TreekremA Touch of ClassSpaniaJuhani JärvinenCand.scient.FriluftslivCommunist Party of Great BritainTwitterInternettManuela Di CentaAntropomorfismeTor Erling StaffMichael TetzschnerAsker kommuneRoger McGuinnAftonbladetPeter Wessel TordenskjoldBodø kommuneHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottIschiaNicolette LarsonDen gamle verdaJerry ReedNord-EuropaKelly ClarksonMicky MoodyItaliaHumleNorrøntPilLárisaBrohlbachStatkraftPetter NorthugVassfuglarInternasjonal telefonkodeSauIsSentral-MakedoníaHank LocklinNoreg under sommar-OL 2008Hotel Union ØyeBoge i arkitekturenSkiflygingPaparoa nasjonalparkKristin ClemetHydrogenPolenNorges IshockeyforbundInternasjonalen🡆 More