Vaudeville (av fransk vaux de ville, byen sin lyd) er eit musikalsk teater, lystspel eller syngespel.
Underhaldningsforma er òg assosiert og forveksla med varieté, farse og revy.
Vaudeville kom opphavleg frå Frankrike på 1700-talet. I Danmark skreiv Johan Ludvig Heiberg kjende vaudevillestykke.
Også i Noreg vart det skrive og framsynt vaudeville, mellom anna av Henrik Wergeland og av Henrik Anker Bjerregaard med Fjeldeventyret (1825) og Claus Pavels Riis med Til sæters (1850). Etter 1920-talet vart denne underhaldninga etterkvart erstatta av kino, radio og fjernsyn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vaudeville, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.