Johan Ludvig Heiberg: Dansk poet og matematikar

Johan Ludvig Heiberg (14.

desember">14. desember 179125. august 1860) var ein dansk dramatikar og mektig kritikar frå København. Han var 1849-56 sjef for Det Kongelige Teater i København.

Johan Ludvig Heiberg
Johan Ludvig Heiberg: Dansk poet og matematikar
Statsborgarskap Danmark
Fødd 14. desember 1791
København
Død

25. august 1860 (68 år)
Bonderup

Yrke matematikar, lyrikar, skribent, litteraturkritikar, universitetslærar, skodespelforfattar, filosof, litteraturhistorikar
Far Peter Andreas Heiberg
Mor Thomasine Gyllembourg
Ektefelle Johanne Luise Heiberg
Johan Ludvig Heiberg på Commons

Heiberg var lektor i dansk ved universitetet i Kiel frå 1822 til 1825. Der vart han kjend med filosofien til Georg Wilhelm Friedrich Hegel, noko som vart skiljesetjande for synet hans på kunst og kultur. Etter at han kom tilbake til København, fekk Heiberg åra 1825-27 oppført fire vaudevillar, med stor suksess. Seinare kom fleire romantiske stykke, særleg kjend vart Elverhøj frå 1828.

Frå 1827 gav Heiberg ut det estetiske tidsskriftet Københavns flyvende Post, eit skrift som øvde stor makt over samtidig dansk litteratur og kultur. Han kritiserte og arbeidde iherdig mot liberale idear og uttrykk, noko som mellom anna førte til at han på 1850-talet forkasta nokre av Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson sine tidlege stykke. Heiberg sitt mest personlege verk er Nye Digte frå 1840, eit arbeid som inneheld både filosofiske dikt, ein romansyklus og ein komedie.

I 1831 gifta Heiberg seg med skodespelaren Johanne Luise Pätges, og frå 1849 var han i sju år sjef for Det Kongelige Teater.

Kjelder

Tags:

14. desember1791186025. augustDet Kongelige TeaterKøbenhavn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AugeepletNasjonaldyrNangijalaSpaniaRådyrForbundsrepublikkDonauThe DoorsVest-MakedoníaHalsnøyOuverture i fransk stilDiktBlåmannHank LocklinOlga DanilovaTamreinDu må ikke soveSvartehavetInternasjonal telefonkodeDen gamle verdaLárisaSkjorteEuropaEirik SalstenEndetarmKleopatraBöle i HelsingforsKornArne TreholtTimeglasSlaveRonja RøverdatterSydneyMekkaCarl XVI Gustaf av SverigeLinn UllmannCamilla CollettKlimaHanumanZinédine ZidaneAddress Resolution ProtocolArne Kjell LarsenKvam heradCristiano RonaldoAegisVulvaSentral-TzoumérkaLondonBizkaiaBill ChamplinGardasjøenYuan-dynastietCC AmfiProgrammeringsspråket JavaCharcot CoveJacques BrelVevdesignSikhismenFilmen Land og fridomTilsynelatande storleiksklassePortugisiskTeknologiNordsamiskAustraliaKvigeTysklandMesopotamiaHundMaud av NoregSamfunnsendringGaltvortSkambanktOperahuset i OsloAust-Makedonía og ThrákiSamuel MassieDisney Channel SkandinaviaPippi Langstrømpe🡆 More