Nise (Phocoena phocoena) er ein liten tannkval som lever nord i Atlanterhavet, Beringhavet, Stillehavet og Svartehavet.
Nise | |
Nise | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av nise | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Parvorden: | Tannkvalar Odontoceti |
Overfamilie: | Delphinoidea |
Familie: | Nisefamilien Phocoenidae |
Slekt: | Phocoena |
Art: | Nise P. phocoena |
Vitskapleg namn | |
Phocoena phocoena |
Dei sym sakte i små flokkar og lever som regel av ymse små stimfisk. Ved norskekysten er arten særs vanleg frå Oslofjorden til Varanger, i tillegg til vestkysten av Svalbard.
Niser liknar delfinar, men manglar den typiske snuta. Dei er òg stort sett ganske mykje mindre, og vert sjeldan over 190 cm. Dei ca 100 tennene er flata av som på ein spade, og ikkje runde som hjå delfinane. Ryggfinnen er låg. Fargeteikningane på dyret varierer mellom svart, grått og kvitt; buken er lysare enn oversida.
Nisa sym i små flokkar på 2-6 dyr og jaktar etter stimfisk. Særleg et dei småsild, tobis, brisling og lodde, men det hender òg dei går på laks. Når dei jaktar på desse fiskane hender det at dei går opp i elver.
Det har vorte vist at niser jaktar på byttet sitt med lyd, slik mange andre tannkvalar òg gjer det. Synet spelar òg ei rolle.
Niser vert kjønnsmogne i 5-6-årsalderen, og paringstida er om sommaren. Hoa sym drektig i nesten eit år, og let det som regel gå 1-3 år mellom kvar fødsel. Kalven syg mora i 6-8 månader.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nise, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.