Oslofjorden er ein fjord som strekkjer seg frå Rådhuskaia i Oslo og ned til Langesund i Bamble kommune.
Langesund ligg på om lag på høgde med Færder fyr og mange definerer starten av Oslofjorden som ei linje mellom desse to. Fjorden er dermed 107 km lang og den femte lengste fjorden i Noreg. Fjorden er den travlaste trafikkåra for skipstrafikk i landet. Området er òg eit viktig rekreasjonsområde, med båtliv, hytteliv og fiske.
Det bur om lag 2,1 millionar menneske rundt Oslofjorden. Frå Langesundsfjorden i vest til svenskegrensa i aust er det til saman 11 byar og mange tettstader.
Oslofjorden har den største trafikken av ferjer og lasteskip i landet. Det er mellom anna fleire utanlandsferjer og bilferjesamband mellom Moss i Østfold og Horten i Vestfold. Skipstrafikken i Oslofjorden vert overvaka og styrt av Kystverkets sjøtrafikksentral, som ligg i Horten.
Oslofjorden ligg dels i fylka Oslo, Østfold, Akershus, Buskerud, Vestfold og Telemark. Skiljet mellom Indre og Ytre Oslofjord går ved Drøbaksundet, sundet der fjorden smalnar mellom Drøbak og Hurum. Ytrefjorden var frå gamalt av kalla Folden, medan Osloarfjorð var rekna som innanfor Drøbaksundet.
Elles går Oslofjordtunnelen (Oslofjordsambandet) mellom Drøbak i Frogn kommune og Storsand i Hurum kommune. Det vart opna i 2000.
Sortert frå sør til nord
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Oslofjorden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.