Meran (tysk), eller Merano (italiensk), eller Maran (ladinsk), er ein by og ein kommune i provinsen Bolzano/Sør-Tyrol i den autonome regionen Trentino-Alto Adige i Italia.
Kommunen har 38 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 26 km². Byen ligg i ei gryte, 325 meter over havet, mellom fjell som er opptil 3 335 meter over havet.
Meran er den nest største byen i provinsen og ligg ved elva Etsch (italiensk Adige), der dalføra Vinschgau, Passeiertal og Ultental møtest. Han er ein turist- og kurstad, ettertrakta for sitt milde klima.
52 % av ibuararane i kommunen har tysk til morsmål, medan 48 % italiensktalande.
Meran låg under Austerrike fram til 1919, då vart byen underlagt kongeriket Italia.
Finalen i Handball-VM 2001 for kvinner mellom Russland og Noreg fann stad i Merano.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Merano, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.