Ezra Weston Loomis Pound (30.
oktober">30. oktober 1885–1. november 1972) var ein amerikansk modernistisk poet og forfattar.
Ezra Pound | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 30. oktober 1885 Hailey |
Død | 1. november 1972 (87 år) |
Yrke | lyrikar, litteraturkritikar, komponist, omsetjar, sjølvbiograf, skribent, samfunnsøkonom, journalist, radioprogramleiar, litteraturhistorikar |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters |
Far | Homer Loomis Pound |
Mor | Isabel Weston |
Ektefelle | Dorothy Shakespear |
Born | Mary de Rachewiltz, Omar Pound |
Ezra Pound på Commons |
Pound flytta til London i 1908 der han arbeidde som utanlandsredaktør for fleire amerikanske litteraturtidsskrift. I denne rolla hjelpte han til med å forme verka til – og gjere kjent – blant andre T.S. Eliot, James Joyce, Robert Frost og Ernest Hemingway. I London var Pound ein del av ein litterær krins rundt den engelske kritikaren og modernistiske poeten T.E. Hulme og var før første verdskrigen ei drivkraft bak dei kortliva modernistiske retningane imagisme og vortiksisme.
Pound hyste fascistsympatiar, og flytta derfor frå London til Frankrike og seinare til Italia. Etter krigen blei han teken til fange og skulda for å ha brukt italiensk radio til å freista øydelegge den amerikanske moralen og styrke den italienske. Han blei send til USA der han blei halden innesperra på ein psykiatrisk institusjon til slutten av 1950-talet, truleg for at dei amerikanske styresmaktene skulle sleppe å føre rettssak mot han.
Hovudverket til Pound er det uferdige The Cantos som han arbeidde på frå 1920-talet. Meininga var å skrive eit epos med 100 songar etter mål av Dante, men han døydde før han blei ferdig.
Ezra Pound komponerte òg musikk, blant anna operaer, songar og kammermusikk. Stilen hans var særs spesiell, til dømes nytta han uvanlege taktartar som 25/32.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ezra Pound, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.