Komponist

Ein komponist er ein som lagar musikkstykke.

Ofte tenker ein på komponistar som ein som skriv musikk innanfor den vestlege kunstmusikktradisjonen («klassisk musikk»), men det finst komponistar innan alle sjangrar.

Komponist
Den danske komponisten Dietrich Buxtehude (1637–1707)

Som regel vil komponisten skriva ned komposisjonane sine i ei eller anna form for noter. Slik skil han seg frå ein utøvande musikar som lagar ny musikk gjennom improvisasjon. Innan musikkulturar som ikkje bruker noter, derimot, er ein komponist den som først speler eit stykke og lærar det vidare til andre.

Komponist og musikar

Tradisjonelt har det vore lite skilje mellom komponistar og musikarar – komponeringa og utøvinga var sett på som like viktige. Ein la lita vekt på å spara på komposisjonar, og det var vanleg å endra dei slik ein ville før framføring. I nyare tid har arbeidet til komponisten fått større vekt, og notane han har skrive blir sett på som klare instruksjonar som skal følgjast nøyaktig. Andsverket han lagar har ofte større vern i lovverket enn framføringa av det.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Tags:

Klassisk musikkMusikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Google ChromeSåmaskinBon Iver, Bon IverJonas Gahr StøreCarl LarssonJon FosseNeville ChamberlainOrDen europeiske unionenVan der VeenstraumenOsteoporoseJean-Claude JunckerDrivhusgassRonja Røverdatter2006BrasilAnatolij FirsovDaniel RadcliffeWilliam OrpenTorgeir Knag FylkesnesJerry Leiber og Mike StollerMicrosoft WindowsAntarktisScrabbleHolbækKommunismeArabiskDeAnna PriceLiechtensteinOverarmsbeinBrennverdiBrenselcelleRussenorskManchester UnitedKjell HovdaISO 8601AfrikaVang kommuneBrad PittNitrogenMesonBrunPakistanRombeOuverture i fransk stilDei fem K-ane i sikhismenArtemisHenry LawsonHannoverGammeRådyrFader vårGotlandFrøylandsvatnetJacob Tullin ThamsNord-AmerikaTrymskvidaFrits ThaulowAndreas WidhölzlGambiaAlderspensjonSilje NordnesIsaac Newton800Sola kommuneDet indiske kastesystemetCanadaGåsSerious Hits… Live!TørkeA4🡆 More