yr.no er ein norsk nettstad for vêrvarsel og annan meteorologisk informasjon.
Nettstaden blir drive som eit samarbeid mellom Norsk rikskringkasting (NRK) og Meteorologisk institutt.
yr.no | |||
| |||
Type nettstad | weather forecasting website | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | Bokmål, nynorsk, kvensk, nordsamisk og engelsk | ||
Grunnlagd | 19. september 200719. september 2007 | ||
Eigar | Meteorologisk institutt og NRK | ||
Nettstad | www |
På nettstaden kan ein finne automatgenererte vêrvarsel (som grafar og kart) for 700 000 stader i Noreg og 6,3 millionar stader i resten av verda. For Noreg er det i tillegg utarbeidde tekstvarsel frå Meteorologisk institutt, radar- og satellittbilete, klimatologiske data og ei rekkje spesialvarsel. Vidare er det nyheitssaker og populærvitskapelege artiklar relatert til vêr og klima. Vêrvarsla er basert på data frå Meteorologisk institutt og dei internasjonale samarbeidspartnarane til instituttet (ECMWF, EUMETSAT etc.).
Mykje av informasjonen på yr.no er tilgjengeleg i XML-format, slik at delar av han (f.eks varsel for ein stad) kan leggjast til i andre nettstader og nettenester.
yr.no vart offisielt lansert 19. september 2007 etter å ha vore i open beta-drift frå juni same år. Nettstaden vart raskt populært, og passerte 1,3 millionar brukarar i veka sumaren 2008. Ettersom yr.no teknisk er ein del av NRKs nettsider, har den store trafikken vore med på å gjere nrk.no til ein av Noregs 2–5 mest besøkte nettstader.
Samtidig med lanseringa av yr.no innførte Meteorologisk institutt ein ny prispolitikk som gjer at det meste av grunnlagsdataa til instituttet er gratis.
Nettstaden fekk allereie i 2007 Rosing-prisen i to kategoriar, beste nettstad og beste språk.
Thor Gjermund Eriksen er ansvarleg redaktør, Anton Eliassen meteorologisk ansvarleg og Ingrid Støver Jensen redaktør for yr.no
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Yr.no, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.