Kvensk: Språk

Kvensk (på kvensk kvääni, tidlegare kainun kieli eller kveenin kieli), tidlegare òg kvænsk, er eit finsk-ugrisk språk som òg kan klassifiserast som ein dialekt av finsk.

Kvensk er språket til kvenene — ei folkegruppe som er etterkommarar av finnar som innvandra til Troms og Finnmark frå 1600-talet av frå grensedalen mellom Sverige og Finland, Tornedalen, og frå Nord-Finland. Kvensk språk har ein viss status som språk i Porsanger kommune.

Kvensk
kvääni
Klassifisering Uralsk
 austersjøfinske språk
Talarar kvener
Bruk
Tala i Kvensk: Språk Noreg
Kvensktalande i alt 5 000 - 8 000
Rangering 106
Skriftsystem Latinsk
Språkkodar
ISO 639-3 fkv
Glottolog kven1236

I kvenske/finskætta miljø er det mykje diskusjon om ein ynskjer eit eige kvensk skriftspråk eller å halde på det riksfinske som blir lært i skulane i dag.

På eit møte i 2008 vart det vedtatt at skriftspråksnormalen som er under utarbeiding, skal basere seg på eit kompromiss mellom alle dei kvenske dialektane, og samstundes vere ei tilnærming mot meänkieli.

I januar 2006 vart det starta eit studium i kvensk ved universitetet i Tromsø. Studiet går over tre semester, og ein kan studere enkeltemne som kvensk språk og kvensk kultur og litteratur.

Historie

På 1800-talet vart kvenene av norske myndigheiter sett på som viktige i arbeidet med å dyrke opp Finnmark. Frå og med starten av 1900-talet slo Noreg over til ein politikk som gjekk ut på å hindre bruken av kvensk og samisk. Jordsalsloven, Lov av 22. mai 1902 om avhendelse av og bortforpaktning av Statens jord i Finnmark, § 1c sa at «Avhendelse må kun skje til norske statsborgere – som kan tale, læse og skrive det norske sprog og benytte dette til daglig bruk». NRK vart oppretta i 1933. Allereie året etter vart den første NRK-bygde radiosendaren utanfor Oslo opna — og det i Vadsø. Etter oppfordring frå Forsvaret delte NRK ut 50 radioapparat gratis til samar og kvenar i grensestroka mot Finland, så det er ikkje tvil om kva motiva bak denne radiosatsinga var.[treng kjelde]

I starten av 1990-åra vart det mogleg å ha finsk/kvensk som andrespråk i skolen i dei tre nordlegaste fylka.

Den norske regjeringa erklærte 26. april 2005 at dei såg på kvensk som eit eige språk.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kvensk: Språk  Wiki Incubator på kvensk

Kvensk: Språk  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Tags:

FinlandFinnmark fylkeFinskFinsk-ugriske språkKvenerPorsanger kommuneTroms fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HeilagdagkaktusSibirPyrenéhalvøyaIndonesiaMediaWikiMarie AntoinetteMartin ØdegaardA Whiter Shade of PalePenisKlitorisEuropaNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Henri av LuxembourgFormannskapBrennverdiRosenborg BallklubForsikringLibanonSilje NordnesLise AmundsenEli HagenPeer Gynt-prisenVersaillestraktatenArab al-AramsheSauLene Westgaard-HalleSofie MarhaugBodø kommuneEkstremvêret KristinPlaneten JupiterSandefjord kommuneChampions LeagueDen julianske kalenderenGasskonstantFilmmanusListe over primtalUkrainsk kulturVinkelHavørnKristian IV av Danmark-NoregHedmark fylkeEkvatorInnlandSluddNorske fylkeskommuneslagordRekonvalesensKelly ClarksonUTCJesusArnaJoseph HaydnInformasjonskapselSaltWaitangitraktatenOlga KorbutGuden RaFilmjølkThor HeyerdahlBuddhistiske høgtiderHaram kommuneDaniela SilivașPrositKjerringSkipEiffeltårnetAlderspensjonPetter WavoldNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Johannes BarstadBritiske monarkarNordmennPromakhónasParlamentarismeBook of KellsOsloElvar i Romania🡆 More