Wiki Nynorsk 2022: Spesial:Siste endringar
NNVietnameseEnglish

T

T: Bokstav i det latinske alfabetet

Alfabetet
ABCDE
FGHIJ
KLMNO
PQRST
UVWXY
ZÆØÅ

T er den tjuande bokstaven i det latinske alfabetet og hadde same form i latin og gresk. Han stammar frå det fønikiske alfabetet. Det hebraiske namnet på bokstaven er taw, og grekarane overtok dette namnet. Romarane overtok frå etruskarane namnet te.

I den eldre runerekka er t det 17. teiknet, og i den yngre det 12. teiknet. I det yngre runealfabetet vert t òg nytta for d. [t] er i norsk ein ustemt dental eller alveolar lukkelyd (plosiv). I norsk er han aspirert, det vil seie følgd av eit pust, i framlyd og uaspirert i innlyd og etter s. Ein variant er den retroflekse uttalen i austnorsk av til dømes ert.

Tâw var den siste bokstaven i det vest-semittiske alfabetet, og i det hebraiske.

T kan stå for

t kan stå for

  • symbol for masseeininga tonn, lik 1000 kg. Eininga og symbolet kan nyttast saman med SI-einingar.
  • norsk symbol for time, internasjonalt vert symbolet h nytta.
  • i musikk forkorting for i talon, tasto, tenor, tonika eller tutti.

Kjelder