Takt

Takt (frå latin tactus, 'røring') viser til rytmisk lyd eller rørsle.

Ein kan til dømes snakka om å eller ro i takt. Omgrepet blir elles særleg mykje brukt innan musikk. Dette er avleidd frå lyrikk, der «takt» kan visa til versefot.

Takt
Marsjering blir utført i takt.

«Takt» eller «taktkjensle» kan elles visa til finkjensle i omgang med andre, sjå takt og tone.

Takt i musikken

Takt 
I noter er «takt» rommet mellom to loddrette taktstrekar. I byrjinga av eit stykke blir taktarten gjeven, her som 2/2 (to halvnoter) av ein C med ein loddrett strek mellom. Prikkane under viser taktslag, til saman åtte i kvar fullstendige takt.

I musikkteori er takt ei grunneining musikkstykke svært ofte blir delt inn i. Ein takt må innehalda minst éin betont taktdel. Kvar takt varer som regel like lenge og omfatter eit visst tal rytmiske einingar. Ein opptakt i byrjinga av eit stykke er derimot kortare.

Ulike musikksjangrar har ulike taktartar, det vil seia skjema for korleis noteverdiar og aksentar er fordelte. Desse blir ofte berre kalla «takt», som i «trefiredelstakt».

Når ein framfører musikk er det viktig å halda takten, både for å få fram rett rytme og harmoni, spela til same tid i eit ensemble, og få fram musikk som kan brukast til dans. Ein kan halda takten ved hjelp av ein taktstav, metronom, eller ved å slå eller trampa takten.

Liknande inndelingar i andre musikktradisjonar enn vestleg er tala i indisk musikk og wazn i arabisk.

Kjelder

Tags:

GangeLydLyrikkMusikkRytmeRørsleVersefot

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Spesifikk varmekapasitetAnne HoltNorrøntTom HagenLagerthaCullinan-diamantenDen etiopiske kalenderenVeneziaSteingardar i NoregKrutJal i OmanGeologiNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»SiderBuddhistiske høgtiderThespiésIALA maritime bøyesystemGudvangatunnelen26. aprilStilarkVanylven kommuneHar SedomMaliIndonesiaKambodsjaAliártosSad i OmanAnatomiske retningsskildringarBedehuset Bethel på JudabergBitcoinMoskva oblastMikroTriasFuriezrbt6GeometriKyle WalkerKvartsSkeiselandskampen Noreg–Sverige 1974T-banen i OsloSvein Tore MarthinsenKaspihavetDonauRamaskrikRadioaktiv strålingRekonvalesensNasjonaldyrLivadiáNanbudoVengDet norske flaggetGeorg III av StorbritanniaJohannes VermeerKristin SkogheimTsjasiv JarHovudsideSvart kattHepatitt BJordMCysteKim HaugenStylídaISO 8601Sylvi ListhaugFin GnattVevdesignHydrogenJim MorrisonFenresulvenØrsta🡆 More