Cyste

Cyste (uttalt: «syste», frå gresk, kysis, som tydar blære), er eit væskefylt holrom i vev eller organ i kroppen.

Ein cyste er forma som ei epitelkledt blære (blære med sin eigen vegg ikring seg), og kan kome av at eit røyrsystem ut frå til dømes ein kjertel har vorte blokkert, slik at væska som skulle passere, vert lukka inne og skapar seg ein cyste. Cystar kan lage seg til i nyrer, lever, skjoldbruskkjertel og eggstokkar.

Cystar kan vere arveleg. Dette gjeld den sjukdomen som vert kall cystenyrer, som er særs sjeldan og kjenneteikna av at det er mange cystar av varierande storleikar i båe nyrene, og som med tida kan gjere det naudsynt med dialyse og nyretransplantasjon. Denne sjukdomen er noko heilt anna enn nyrecyste, som det vanlegvis ikkje er naudsynt å gjere noko med, dersom cysten ikkje er smertefull eller veks. I somme organ kan cystar oppstå på grunn av innvendige parasittar, endoparasittar. Parasittar kan leve i blodårer og lymfekar, i cellegrupper og kjertlar, i kroppsvev og i ulike organ, ikkje minst i tarmane.

Cystar som lagar seg til av di utgangane frå spyttkjertlar i munnen har tetta seg, vert kalla mucocele når dei finst i leppen, og ranula når dei finst i munngolvet. Dersom utgangen frå ein talgkjertel vert tett, kan det oppstå ein talgcyste, òg kalla aterom.

Holrom i ein knokkel hos unge menneske, vanlegvis i overarmsbeinet eller lårbeinet, kan ha oppstått av ukjente årsaker. Slike holrom kan òg vere å finne i overkjeve og underkjeve. Dette er ikkje ekte cystar, jamvel om dei vert kalla «enkle beincystar», og dei er godarta.

Kjelder

Tags:

CellevevEggstokkEpitelGreskKjertelLeverNyreSkjoldbruskkjertel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GrønlandDødsstraffDet norske alfabetetThe Times of IndiaCelina MidelfartNorske dialektarAndTeltEvnukkAstrid LindgrenArian EngebøRonja RøverdatterAbdusamet YigitFinnøyGjærIvar Lo-JohanssonStavanger kommuneAlenDurgaHaaretzHellasKlanenStyresettMarianegropaMuhammedUrfolkLuciano PavarottiLarvik kommuneVersaillestraktatenDen muslimske verdaHarriet BackerHlíðarfjallEikefjordSeladonSvanesjøenEarl ScruggsPetter DassLoddeBuddhistiske høgtiderVierslektaCentral Intelligence AgencyIltalehtiSunnmøreSystem of a DownMicrosoft WindowsRussisk litteratur157Edderkoppar i kulturenPodsolKrøllalfaDet tredje riketStrategispelOksygenPakistanKristian ØdegårdHydrogencyanidØystein SundeSikhismenYuan-dynastietHepatitt C-virusHjortMaiken Caspersen FallaStore norske leksikonJerpeHinduismenCupheadOrWattensAkslaSjølvstendeKrag-Jørgensen-rifleEikefjord idrettslagIne Marie WilmannJanteloven🡆 More