Nyrene (lat.
ren) er organ i kroppen til virveldyr som filtrerer ut avfallsstoff frå blodet slik at dei kan skiljast ut frå kroppen som urin.
Nyre | |||
| |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D007668 |
Primatar, som menneske høyrer til, har to nyrer som ligg på kvar side av ryggraden, ved bakre bukvegg. Ei menneskenyre veg rundt 125–150 gram.
Nyrevevet består av to vevslag. Ytst ligg den raudbrune nyreborken (cortex renalis), medan den gulaktige nyremergen (medulla renalis) innanfor omgjev eit holrom kalla nyresinus (sinus renalis). I nyreborken ligg filtreringsapparatet til nyrene. Nyremergen, som er delt i 7–11, mest vanleg 8 kjegleforma vevsdelar, består av samlerøyr som leier urinen ut i nyrebekkenet. Det sit på den konkave delen av nyra, der ein også finn nyrearterien og nyrevenen. På denne staden er det også mykje laust feittvev.
Sjølve filtreringa skjer i medulla, nyrepyramidane, som inneheld rundt éin million blodrensande einingar kalla nefronar. Kvart døgn går det rundt 1 200 liter blod gjennom menneskenyrene. Viss nyrene sluttar å verka, vil avfallsstoffa samla seg opp og føra til urinforgifting.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nyre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.