Script Creation Utility for Maniac Mansion (SCUMM) er eit scriptspråk laga av LucasArts, som på den tida var kjend som Lucasfilm Games, for å gjere utviklinga av eventyrspelet Maniac Mansion lettare.
Det er ein mellomting mellom ein spelmotor og eit programmeringsspråk, som lét utviklarane lage område, utstyr og dialogsekvensar utan å måtte skrive kode i det same språket som kjeldekoden til spelet endar opp i. Dette lét utviklarane også bruke script- og datafiler frå spelet på tvers av fleire plattformer. SCUMM er også ein vert for integrerte spelmotorar som iMUSE (som står for Interactive MUsic Streaming Engine), INSANE (står for INteractive Streaming ANimation Engine), CYST, FLEM, og MMUCUS. SCUMM er sloppe til desse plattformene: 3DO, Amiga, Apple II, Atari ST, CDTV, Commodore 64, FM Towns, FM Towns Marty, Apple Macintosh, Nintendo Entertainment System, MS-DOS/PC-DOS, Microsoft Windows, Sega CD og TurboGrafx-16/PC Engine.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article SCUMM, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.