Wien

Wien er hovudstaden i Austerrike og ein av dei ni delstatane i det føderale landet.

Wien har over 2 millionar innbyggjarar.

Wien
hovudstad
Wien
Wien
Flagg
Wien
Symbol
Land Wien Austerrike
Areal 414,78 km²
Folketal 1 973 403 (1. oktober 2022)
Språk Tysk

Wien
48°12′30″N 16°22′21″E / 48.208333333333°N 16.3725°E / 48.208333333333; 16.3725
Forbundslandet Wien i Austerrike
Forbundslandet Wien i Austerrike
Forbundslandet Wien i Austerrike
Wiki Commons: Vienna

Byen er sete for mange internasjonale organisasjonar, som OPEC og IAEA, og er dessutan den tredje SN-byen i tillegg til Genève og New York. Byen er eit viktig transportknutepunkt med fire flyplassar, og blir òg vitja av mange turistar. Elva Donau renn gjennom byen.

Historie

Wien 
Utsyn over Wien frå kyrkja til den heilage Stefan.
Wien 
Konserthuset i Wien.

Byen oppstod som den romerske festningsleiren Vindobona. I 1278 blei han senteret for Det habsburgske riket, noko som har gjort at byen i dag er større og meir praktfull enn plasseringa i dagens vesle Austerrike skulle tilseia. Heile den indre byen blei utsett for store øydeleggingar under den andre verdskrigen, men står nå på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Den indre kjernen blei bygd i mellomalderen. Fram til midten av 1800-talet omkransa av festningsverk som kom til på fjorten- og femtenhundretalet for å halda fiendar, i første rekkje tyrkarane, ute.

Etter kvart førte dei vernande murane til at byen nesten blei kvelt, ettersom det ikkje fanst naturlege gjennomfartsvegar mellom bykjernen og omlandet. Frå 1809 til 1850 hadde ruinane av festningsverket stått uendra, men i 1857 let keisar Franz Josef dei riva. Ettersom noko av det hadde vore 600 meter tjukt, frigjorde ein eit enormt byggjeområde. Etter ein stor konkurranse blei forslaga til tre prisvinnarar omarbeidde av regjeringa, og Ringstrasse blei til på området. Det inneheld rundt 30 offentlege bygg, 38 statuar, 7 fontenar og 5 parkar.

I 1922 blei Wien utskilt frå Niederösterreich og blei ein sjølvstendig delstat. Den sosialdemokratiske byregjeringa (Raude Wien) blei internasjonalt anerkjent for sitt sosiale pionerarbeid. Det blei etablert eit solid sosialt sikkerheitsnett og det blei bygd mange kommunale arbeidarbustader med høg standard.

Den første republikken var prega av sterke motsetningar mellom den kristeleg-konservative regjeringa og den sosialdemokratiske opposisjonen. Det kulminerte med innføringa av den fascistiske «stenderstaten» i 1934, då hæren blei bruka for å slå ned væpna motstand frå sosialdemokratiet (Oppstanden i Wien i 1934). Under det kristeleg-fascistiske diktaturet blei Wien direkte underlagd regjeringa og den sjølvstendige byforvaltninga nedlagd.

I 1938 lét den austerrikskfødde tyske rikskanslaren Adolf Hitler den tyske hæren marsjere inn i Austerrike og erstatta med det den meir sjølvstendige «austrofascismen» med eit reint nazistisk styre som del av Stor-Tyskland. Dette innebar blant anna forfølging av jødane, og mange «ariske» innbyggjarar i Wien begynte å truge, plage og rane jødar og kaste dei ut frå husa sine. Antisemittismen hadde blitt bruka politisk av høgresida i byen heilt sidan hundreårsskiftet. Av dei knapt 185 000 jødiske wienbuarane blei ca. 120 000 tvinga til emigrasjon, ca. 60 000 blei drepne, og berre 5 243 av dei overlevde andre verdskrigen.

Den 17. mars 1944 begynte luftangrepa mot Wien. Under desse blei over ein femdel av byen øydelagd. Stephansdomen, der elles hadde unngått luftangrepa, blei òg ramma av brann, men ikkje som følgje av kamphandlingar men derimot etter ei plyndring. I april 1945 blei Wien erobra av den sovjetiske hæren.

Kjende folk frå Wien

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wien  Commons har multimedium som gjeld: Wien

Tags:

Wien HistorieWien Kjende folk frå Wien KjelderWien BakgrunnsstoffWienAusterrike

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SluddMatSamisk kulturGjærZinédine ZidaneNyrealisme i litteraturenOppland fylkeBermudaBukspyttkjertelenVinkelfartAlver kommune22. juniFormannskapTotaktsmotorAnne HoltTaylor SwiftDen siste istidaRoald AmundsenOperatunnelen2024WaitangitraktatenBlue MoonKari Werner ØfstiVinkelAgnetha FältskogJa, vi elsker dette landet17. aprilTettemjølkGuden RaEuropeisk geografiAn-MagrittTorBjørnBautaAftonbladetFugløyaSverigeNamnedagLitauenOttomanTrekanthandelMarian DrăgulescuSelmer NilsenStavanger kommuneYosef Wolde-MariamDavid CameronCarles PuigdemontDanmarkPlaneten JupiterLagerthaKarbalaIvan KramskojSur nedbørOdinH.C. AndersenGro Harlem BrundtlandAlderspensjonBreiflabbTraktorAstrid LindgrenKrøllalfaGisøyaDen russiske bjørnenChris BrownOlga KorbutKilometerDesiCharlène av MonacoStalinismeNasjonal SamlingRagnar LodbrokPelle PolitibilAxetelKristian IV av Danmark-Noreg🡆 More