Adige

Adige (venetiansk Àdexe; trentinsk Ades; friulisk Adis; tysk Etsch; ladinsk Adesc eller Adiç; latin Athesis) er ei elv i Alperegionen Trentino-Alto Adige i Italia, nær grensa til Austerrike og Sveits.

Med ei lengd på 410 km, 220 av dei i Sør-Tyrol, er ho den nest lengste elva i Italia etter Po med 652 km.

Adige
elv
Adige
Land Adige Italia
Nedslagsfelt 12 100 km²
Lengd 410 km
Kjelde Reschensee i Trentino-Alto Adige
 - høgd 1 550 moh.
Munning Adriahavet

Adige
46°50′07″N 10°30′55″E / 46.835363888889°N 10.515172222222°E / 46.835363888889; 10.515172222222
Wiki Commons: Adige
Adige
Klokketårnet i Reschensee.

Elva renn frå den kunstige alpesjøen Rechensee, ved Resiapasset (1 504 moh) nær grensa til Austerrike og Sveits ovanfor Inndalen. Innsjøen er kjend for kyrkjetårnet som står ute i vatnet der den tidlegare landsbyen Curon Antica (Alt Graun) låg før han lagt under vatn i 1953 då demninga stod ferdig. Nær Glurns mottar Adige elva Rom frå den sveitsiske dalen Val Müstair.

Adige
Adige renn gjennom Verona.

Adige renn austover gjennom Vinschgau (Venostadalen) til Merano der ho møter Passirio frå nord. Sør for Bolzano renn ho saman med Isarco og så sørover gjennom ein dal som alltid har vore ein av hovudfartsårene gjennom Alpane og som fører til og frå Resia- og Brennerpasset. Med ei høgd på 1 370 moh. vert dette rekna som den enklaste av dei store fjellovergangane i Alpane.

Salurner Klause/Chiusa di Salorno smalnar inn ved Salorno og markerer den sørlege grensa til det tysktalande området i Italia. Derfor vert Adige nemnd i «Das Lied der Deutschen» frå 1841 som den sørlege grensa for ubtreiinga av det tyske språket. Songen vart nasjonalsongen til Tyskland i 1922 etter at Italia tok kontroll over Adige.

Nær Trento mottar Adige Avisio, Noce og Fersina. Adige kryssa så Trentino og seinare Veneto, og renn gjennom byane Verona, Rovereto og Adria, Lagarinadalen og over den nordaustlege delen av Posletta og ut i Adriahavet. Både Adige og Po renn parallelt i elvedeltaet utan at dei møtes.

Som ei fjellelv vert det stundom brå flaumar i elva. Ho er òg forbunde til kunstige undergrunnskanalar til Gardasjøen for å hindre flaum.

Kjelder

Tags:

AlpaneAusterrikeItaliaLadinskLatinPoSveitsSør-TyrolTrentino-Alto AdigeTyskVenetiansk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

The EdgeStøvsugarITunesMaud av NoregOrbitalSakharovprisenNord-IrlandAustraliaPaparoa nasjonalparkKulturRusslandHimmelHydrogenbindingDen Kristelige MenighetCanon EOS 250DArgolídaVestlandetGaupeSpeidarrørslaEiffeltårnetTrípoli i HellasBlåbærlyngOnarheimMount EverestGro Harlem BrundtlandSilje NordnesBlåmannArian EngebøPeter F. WolfAndre verdskrigenGange-RolvBryan AdamsYggdrasilViktoriansk litteraturSandra BorchKokosmakronCarl LarssonIslandske nasjonaldrakterIf I Were SorryGranadaTidslinje over norsk historieRomanen AndvakeEuropaListe over norske nyordAndrej KrautsjankaLagerthaVictoria av StorbritanniaCarles PuigdemontSørlandetFenomenologiMesopotamiaNazismeJeremy SeabrookJaroslav SoukupFacebookKalifatHenrik II av EnglandIvar AasenDet indiske kastesystemetKlima i CanadaLønnHalloImperialismeChampions LeagueAmalie SkramDen etiopiske kalenderenKnut Marius DjupvikDanmarkTommeNorske militære gradarHappy HumanNasjonaldag163Pedro I av BrasilVegard UlvangInnsjøar i Sverige🡆 More