Meter Over Havet

Meter over havet (forkorta moh.) vert brukt for å definere høgda til eit punkt i høve til havnivået, målt i meter.

Nemninga meter under havet vert på liknande vis nytta om stader som ligg lågare enn havnivået. I somme land er det vanleg å oppgi måla i fot istaden for meter.

Meter Over Havet
Morfologisk kart over Alpane der høgdenivå i meter over havet er gjevne med fargar.
Meter Over Havet
Kart over øya Amutka i Alaska der høgd i meter over havet er gjeven med kotar. Tellekotar er påført brune tal, og einskilde punkt er gjeve med svarte tal.
Meter Over Havet
Repère Pierre du Niton, avkorta RPN, eit fastmerke på ein steinblokk i hamna i Genéve er referansepunktet for høgdemålingane i Sveits.

kart er høgda over havet gjerne markert med fargar eller kotar. Høgda til innsjøar, fjell, åsar, søkk i terrenget og andre topografisk interessante punkt kan òg bli markerte med tal.

Høgda vert rekna frå middelvasstanden langs kysten på eit fastsett tidspunkt, ein normalnull, som for det nasjonale høgdemålingssystemet i Noreg er året 1954 og knytt til eit fastmerke som finst ved Tregde vasstandsmålar i nærleiken av Mandal. Den høgda dette fastmerket er plassert i, er fastsett i 1954 på grunnlag av ei utjamning av utrekningar av middelvasstanden for vasstandsmålingar gjort frå 18 til 53 år i Oslo, Nevlunghavn, Tregde, Stavanger, Bergen, Kjølsdal og Heimsjø.

Hypsografi er skildringa av høgdeforholda på jorda. Ei hypsografisk kurve er ei grafisk framstilling av korleis arealet på jordoverflata i middel er fordelt på dei ulike høgdenivåa.

Kjelder

Tags:

FotHavMeterMeter under havet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Gunn Margit AndreassenLuke BlackSambaMarianne Sivertsen Næss918Bringet dem Herrn Ehre seines NamensAkarnanikóPeter Wessel TordenskjoldDet norske flaggetThe Power to BelieveDer ingen skulle tru at nokon kunne buCoventry CityTromsøEnduroCornelis VreeswijkKristian ØdegårdEkornFrozenJaroslav SoukupFrankrikeSamisk historieFreddie MercuryFinnøyVevdesignFilmen Land og fridomVerdas landSakharovprisenUlstein kyrkjeAstrid TollefsenThomas JeffersonVM i friidrett 1987BrohlbachHans VinjarengenBjörn SkifsTysklandAlbert GleizesJesusErik AndersenStorfuglMesopotamiaFriluftslivØystein AdilssonNormandieZítsaNasjonaldrikkDet norske herrelandslaget i fotballKvintakkordAnne HoltSnikkarParisGustav ValsvikVillsauFiskandJump bluesGrønlandAdilsMaloumaDanmarkSkandinaviaGranadaHaikuOrbitalKibbutzDei fire årstideneAl B. Sure!JonsokRådyrHank LocklinTetraElse Kåss FurusethNellee HooperIsraelPaparoa nasjonalparkHepatitt C-virusMarit MyrmælPápingoNorges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité🡆 More