Trípoli (gresk Τρίπολη, eldre form og på latinsk Tripolis, og stundom Tripolitsa, Tripolitza og Tripolizza) er ein by på Peloponnes i Hellas.
Trípoli Lokalt namn Τρίπολη | |
---|---|
Katedralen i Trípoli | |
Geografi | |
Stad | Peloponnes |
Koordinatar | 37°31′N 22°23′E / 37.517°N 22.383°E |
Areal | 1 481,0 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Peloponnes Arkadía |
Hovudsete | Trípoli (30 866 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 47 254 (2011) |
Folketettleik | 32,0 /km² |
Trípoli er ein kommune i periferieininga Arkadía i periferien Peloponnes og er hovudstad både i periferieininga og i periferien Peloponnes. Byen er den største i periferieininga og ein av få stader i Arkadía som veks.
Avstanden frå Pýrgos er om lag 145 km aust, han ligg 125 km aust for Olympia, 144 km søraust for Pátra og søraust for Kalávryta, 78 km sørvest for Korint og om lag 148 km sørvest for Aten. I tillegg ligg han vest for Árgos og Návplio, nordvest for Leonídio, nord for Spárti, nordaust for Kalamáta, 33 km nordaust for Megalópoli og nordaust for Kyparissía, aust for Stemnítsa og søraust for Dimitsána. I dag er Trípoli sete for det nye Peloponnes universitet.
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 47 254 innbyggjarar, medan kommunaleininga Trípoli hadde 33 785 og tettstaden med same namn 30 866 innbyggjarar.
I mellomalderen vart staden kalla Drobolitsa, Droboltsá eller Dorboglitza, som kanskje kjem frå det greske Hydropolitsa, «Vassbyen» eller kanskje det sørslaviske ordet som tyder «slette med eiketre».
Den moderne Trípoli vart grunnlagd i 1770 nær ruinane av dei antikke byane Pallantron, Tegea og Mantinea, derfor namnet Τρίπολης = τρεις πόλεις, som tyder «tre byar». Før den greske sjølvstendekrigen hadde han ein muslimsk og jødisk folkesetnad og var det sentrum for den osmanske okkupasjonen av Hellas.
Under den greske sjølvstendekrigen vart Trípoli den første store byen som vart teken av grekarane. Theodoros Kolokotronis tok byen 17. oktober 1821 . Den muslimske folkesetnaden, som bestod av tyrkarar og albanarar, vart massakrert, kanskje så mykje som 30 000 menneske. Då Ibrahim Pasha gjenerobra byen 22. juni 1825 massakrerte han til gjengjeld den kristne folkesetnaden og brende ned byen.
Etter at han vart erobra på ny av grekarane i 1829 vart Trípoli eit stort senter i det sjølvstendige Hellas.
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011 |
---|---|---|
Trípoli | Trípoli | 30 866 |
Levídi | Levídi | 1 025 |
Ájos Konstandínos | Trípoli | 719 |
Kandíla | Levídi | 690 |
Rízes | Tejéa | 552 |
Stádio | Tejéa | 538 |
Nestáni | Mandínia | 486 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Trípoli i Hellas, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.