Theodoros Kolokotronis: Gresk politikar

Theodoros Kolokotronis (fødd 1770 i Ramavouni i Messenia, død 1843) var ein gresk general i den greske sjølvstendekrigen mot Det osmanske riket.

Kolokotronis var fødd inn i ein mektig og høgt respektert familie frå Arkadia, og stamma frå kleftarar. Legenda om kor byrg og ulydig familien var er blitt minna i ei kjend gresk folkevise som har overlevd heilt fram til dags dato frå denne tida.

Theodoros Kolokotronis
Theodoros Kolokotronis: Gresk politikar
Fødd3. april 1770
FødestadMorea, Ramovouni
Død4. februar 1843
DødsstadAten
RangFeltmarskalk
EiningBritish Army, Hellas' hær, Den keiserlige russiske flåte
KonfliktarDen greske sjølvstendekrigen, Den russisk-tyrkiske krigen i 1806-1812, Dei greske borgarkrigane 1823–1825

Faren hans, Konstantin Kolokotronis, deltok i eit væpna opprør som hadde støtte frå Katarina den store av Russland, og blei drepen under eit oppdrag saman med to av brørne sine, George og Apostolis. Theodoros slutta seg til rekkene av dei peloponnesiske gerilja-bandane, og viste seg dyktig. Som femtenåring var han allereie gjort til leiar for si eiga gerilja-gruppe. Han hadde òg ein kort periode der han tenestegjorde til havs, og frå 1805 og utover tok han teneste på ei rekke ulike skip innan den russiske flåten under dei russisk-tyrkiske krigane.

Gjennom åra hadde Kolokotronis skaffa seg fleire politiske fiendar innan den provisoriske regjeringa i Hellas som då var leidd av Petros Mavromichalis som fekk han fengsla, mellom anna for oppvigleri og som motstandar av dei greske styresmaktene. Kolokotronis blei lauslaten då ein egyptisk hær under kommando av Ibrahim Pasha invaderte Morea som då var ein liten del av Hellas.

Etter krigen vart Kolokotronis ein sterk tilhengar av grev Ioannis Kapodistrias, som var ein talsmann for ein gresk handels-allianse med Russland. Ved slutten av livet sitt hadde Kolokotronis lært seg å skriva og lesa for å kunna fullføra dagbøker og ein sjølvbiografi. Desse memorae har vore ein favoritt blant befolkninga i Hellas, og bøkene er blitt omsette til fleire andre språk, mellom anna engelsk.

Etter at han døydde blei Kolokotronis heidra med mange gatenamn. Mange av desse gatenamna finst nesten i kvar storby. Kolokotronis blei mellom anna avbilda på framsida av den greske 5000 drakme-setelen i perioden 1984 til 2001.

Kjelder

Tags:

17701843Den greske sjølvstendekrigenDet osmanske riketKleftararMessinía

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PåskeNihilismeKattuglePåskeeggOrBrasilEinar FørdeFilmserien Harry PotterAkershus fylke2024RotfruktBlackjackGoogle13. februarMuflonLLasse KjusNasjonaldagGoogolSåpeIltalehtiBodø kommuneSvastikaFjodor DostojevskijAleksandr TkatsjovPyramidekabalLübeckAsbjørnsen og MoeJon FosseTadsjikistanSkulpturen Laksen27-årsklubbenMosambikTatraLagerthaCERN24. marsBitcoinHerjedalenLinn UllmannHenningsværbrueneEirik RaudeRumoursFin GnattMarit BjørgenVerdas språk etter utbreiing20221. juliBulgarsk geografiJapanSpotifyCosta RicaSlåttar frå HallingdalHalelause padderVårsøgFrankrikeBaltimorePurreAllahu akbarGe'ezAnne Grete PreusInger Helene NybråtenKunstig intelligensLundefuglVik kommuneDen kalde krigenInnsjøar i SverigeDei sørlege NederlandaKoptisk kristendomDet greske alfabetetSoknerådRanavik-SkjersholmaneHovudsideGry Hammer🡆 More