Das Lied der Deutschen eller delar av han har vore nasjonalsong i Tyskland sidan 1922.
I dag er det berre tredje verset som vett brukt offisielt.
Melodien til songen vart komponert av Joseph Haydn i 1797 som ein keisarhyllest. I 1841 skreiv August Heinrich Hoffmann von Fallersleben ny tekst som sette sameininga av Tyskland opp mot hyllinga av ein monark, ein revolusjonær tekst på den tida.
Melodien vart komponert av Joseph Haydn i 1797; han vart først brukt som ei hyllest til Franz II, den siste keisaren av det tysk-romerske riket, «Gott erhalte Franz den Kaiser» ('Gud velsigne keisar Franz').
Haydn brukte seinare hymnet som grunnlag for den andre satsen (Poco adagio cantabile) til sin strykekvartett nr. 62 i C-dur, som ofte vett kalla Keisarkvartetten.
Den noverande teksten vart skriven av den liberale litteraturprofessoren og diktaren August Heinrich Hoffmann von Fallersleben i 1841 på den då britiske øya Helgoland, no ein del av Schleswig-Holstein.
1.
2.
3.
I 1921 skreiv Albert Matthai eit tillegsvers som vart brukt i enkelte kretsar fram til 1930-åra. Dette har vorte omtalt som «det fjerde verset», men var aldri ein del av den offisielle nasjonalsongen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lied der Deutschen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.