DepartementBas-Rhin Haut-Rhin
Alsace | |
Fakta | |
Hovudstad | Strasbourg |
Regionspresident | Philippe Richert |
Flatevidd | 8 283 km² |
Folketal | 1 817 000 (2006) Rangering 14 |
Folketettleik | 217 innb./km² |
Arrondissement | 13 |
Kantonar | 75 |
Kommunar | 903 |
Geografi | |
Alsace (tysk Elsass) er ein tidlegare fransk region som låg aust i Frankrike, med grenser til Sveits og Tyskland. Medan området var del av Det tysk-romerske riket vart det innlemma i Frankrike på 1600-talet. Som Lorraine har han skift hand mellom Frankrike og Tyskland fleire gonger. Tysk språk og kultur står framleis sterkt i regionen. Rhinen er grenseelv, og den største byen er Strasbourg. Regionen er delt i departementa Bas-Rhin og Haut-Rhin.
Med eit areal på 8 283 km² var regionen den minste i den europeiske delen av Frankrike, og låg mellom Rhinen i aust og fjella Vogesane i vest. I tillegg til Tyskland og Sveits grensa regionen til Franche-Comté i sør og Lorraine i vest.
Regionen hadde mykje skog, hovudsakleg i Vogesane og i Bas-Rhin. Det høgaste punktet i regionen var Ballon de Guebwiller i Haut-Rhin med ei høgd på 1 426 m. Alsace har eit delvis kontinentalklima med kalde og turre vintrar, og varme somrar. Regionen fekk lite nedbør sidan han låg i regnskuggen til Vogesane, og på grunn av den same fjellkjeda har byen Colmar eit solrikt mikroklima og er den nest turraste byen i Frankrike med ein årsnedbør på berre 550 mm. Dette gjer området ideelt for vinen som vert dyrka her.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Alsace, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.