Folketettleik er eit mål på kor stor befolkninga i eit gitt område er i høve til storleiken på området.
Det viser kor tettbygd eit område er. Folketettleik vert oftast oppgitt i innbyggjarar per kvadratkilometer.
Folketettleiken i Noreg er om lag 14,2 innbyggjarar per kvadratkilometer. I verdsmålestokk er dette lite. Det tettast befolka landet i verda er bystaten Monaco, med ein folketettleik på 16 620. Det tettast befolka større landet i Europa, Nederland, har ein folketettleik på 395. I den andre ytterkanten har Grønland ein folketettleik på 0,03. Sjå òg lista over Verdas land etter folketettleik.
Mal:Samfunnspire
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Folketettleik, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.