Vin er ein alkoholhaldig drikk framstilt ved gjæring av frukt eller bær og eventuelt søtemiddel (som til dømes sukker), gjærkultur og andre ingrediensar.
Denne prosessen vert kalla vinifikasjon. Den klassiske vinen er laga av druer, og er oftast raud eller kvit, avhengig av ingrediensar og framstillingsmåte. Det vert òg laga rosévin, som kan vera frå klårt raud til svakt rosa i fargen. Vin kan dessutan lagast av ei rekkje andre frukter eller bær.
Det som skil musserande vin frå ikkje-musserande vin, er at han inneheld koldioksid som lager sprudlande bobler. Skilnaden mellom sterkvin og aromatisert vin ligg i alkoholinnhaldet og aromaframstillingar. Vin vert delt inn i tre kategoriar: tørr, halvtørr eller søt. Hovudsakleg inneheld vin mellom 8,5 og 14 volumprosent alkohol, men strengt teke finst det vin med alt mellom 5,5 volumprosent og 22 volvolumprosent alkohol. Dersom vinen inneheld mellom 15 og 22 volumprosent alkohol vert han kalla sterkvin. Allereie kring 6000 fvt. vart druer dyrka for å laga vin.
Det er i fylgje norsk lov 18 års aldersgrense for å kjøpe og drikke vin med alkoholinnhald på mellom 2,5 og 21 %. Vin blir seld på Vinmonopolet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.