Vin jaune (fransk for 'gul vin') er ein særmerkt type kvitvin frå Jura i Frankrike.
Vinen kan minna om tørr fino-sherry og får eigenskapane sine gjennom å mogna på fat under eit «slør» (voile) av vingjærsopp. Medan vin jaune har mange eigenskapar til felles med sherry, som aromaen, er han ikkje ein sterkvin som sherry. Vinen er laga av savagnin-drua, og nokre av dei beste døma kjem frå vinmarkene ved Château-Chalon AOC. I andre franske vinregionar har ein gjort forsøk med å laga liknande vinar av druer som chardonnay og andre lokale druer med tilsett gjær, til dømes vin de voile frå Gaillac.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vin jaune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.