Jura er eit departementet aust i Frankrike.
Jura | |
---|---|
Wiki Nynorsk | |
Våpenskjoldet til Jura | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 39 |
Region: | Franche-Comté |
Préfecture: | Lons-le-Saunier |
Sous-préfectures: | Dole Saint-Claude |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 34 |
Kommunar: | 545 |
Président du conseil général: | Gérard Bailly |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 79. |
-1999 | 250 857 |
Folketettleik: | 50/km² |
Landareal¹: | 4 999 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Departementet ligg i regionen Franche-Comté og er kalla opp etter Jurafjella, på same måte som den sveitsiske kantonen Jura.
Jura er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Franche-Comté. Departementa Jura, Doubs og Haute-Saône dannar i dag den moderne regionen Franche-Comté. Préfecture (administrasjonsstad) er Lons-le-Saunier.
Historisk høyrte Jura til Grevskapet Burgund, kjend i Frankrike som Franche-Comté. Dole var hovudstad i området fram til det vart erobra av Louis XIV og hovudstaden vart flytta til Besançon.
Så tidleg som på 1200-talet snakka 2/3 av innbyggjarane sør i Jura ein dialekt av frankoprovensalsk. Denne dialekten vart framleis tala i jordbruksområde på 1900-talet.
Jura er eit av fire departement i regionen Franche-Comté og grensar til dei franske departementa Doubs, Haute-Saône, Côte-d'Or, Saône-et-Loire og Ain, i tillegg til den sveitsiske kantonen Vaud i aust.
Jurafjella er skogkledde og rullande, og ikkje ulendt og berglendt slik som Alpane.
Ein finn mange innsjøar i Jura. Den største naturlege innsjøen er Lac De Chalain, som er 3 km lang og 1 km brei. Lac de Vouglans oppstod ved bygginga av ei demning og tilhøyrande vasskraftverk. Dette er ein av dei største kunstige innsjøane i Frankrike.
Klima i Jura varierer stort med høgda. Dei lågare dalane er tempererte og behageleg, medan dei høge fjellområda kan ha svært kalde vintrar.
Jura er ein vinregion. Jura er kjend for sine uvanlege og særprega vinar, slik som vin jaune, som er laga på liknande måte som sherry. Andre druevariantar er Poulsard, Trousseau og Chardonnay.
Jurafjella tilbyr mange aktivitetar som turgåing, skigåing og anna vintersport.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Departementet Jura, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.