Drue er ein frukt av vinranke (Vitus vinifera).
Druer kan vera grøne, blå eller lilla.
Ein kan eta druer rå som søt frukt, i tørka form som rosiner, og laga saft eller jus av dei. Druer er likevel mest brukte i gjæra form, som vin. Druesaft blir òg mykje brukt som naturleg søtingsmiddel i jus av anna frukt.
Rundt halvparten av all frukt som blir dyrka i verda, er druer. Det finst fleire arter av dei som alle høyrer til familien Vitaceae. Ulike druesortar egner seg best til å etast direkte, eller til å laga ulike typar vin.
Drueplanten likar seg best i sokalla «dårleg» jordsmon, med mykje kalk og stein. Solvende skråningar ned mot elvar er ideelle for druedyrking. Dette gjev plantane rik tilgang til fukt, og dobbelt opp med sol.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Drue, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.