1968
1968: år
1968 i den gregorianske kalenderen var eit skotår som byrja på ein måndag. Året er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «året då allting hende», og er blitt ståande som eit symbol på den motkulturelle ungdomsrørsla frå denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon.
1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|

Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land, der det best kjende fann stad i Paris i mai. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idear motsvar av mellom anna det republikanske partiet i USA, som hevda å tala for ein «taus majoritet», og konservative politikarar som franske gaullistar og britiske Enoch Powell.[1]
Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland.
USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøyar og demonstrasjonar mot vietnamkrigen, som var i ferd med å mista folkestøtte. Demokratane sitt presidentnominasjonsmøte i august dette året blei råka av uro både innan partiet og ute i gatene i Chicago. Partiet orienterte seg mot venstresida, medan republikanarane vann veljarar gjennom å appellera til «det tause fleirtalet», som var imot mange av dei radikale endringane opprørarane stod for.[2]
Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og vonbrot, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst framleis innan seinare politikk.[3],[4]
Hendingar
Pågåande hendingar i 1968 var Andre Chimurenga-krigen i Rhodesia (1964–1979), Kulturrevolusjonen i Kina (1964–1969), Den namibiske sjølvstendekrigen, (1966–1988) Borgarkrigen i Yemen (1962–1970), og Vietnamkrigen (1959–1975).
Utlandet
- 2. januar: Den sørafrikanske legen Christiaan Barnard utførte den første hjartetransplantasjonen der pasienten overlevde.
- 5. januar: «Prahavåren»: Reformvennlege Alexander Dubček blei leiar for kommunistpartiet i Tsjekkoslovakia.
- 15. januar: Jordskjelv på Sicilia. 200 omkom, 42 000 blei huslause.
- 21. januar:
- Eit B-52 bombefly frå USA med fire hydrogenbomber om bord styrta under nødlanding ved Thule på Grønland.
- Vietnamkrigen: Slaget ved Khe Sanh tok til. Det varte fram til 8. april, og er blitt sett på som byrjinga på Tet-offensiven.
- 23. januar: USA sitt etterretningsskip USS Pueblo blei teke i arrest av den nord-koreanske marinen.
- 25. januar: Den israelske undervassbåten INS Dakar sokk i Middelhavet og 69 drukna.
- 30. januar: Vietnamkrigen: Tet-offensiven, den største offensiven frå Front National de Liberté i Vietnam så langt, tok til med åtak på 36 provinshovudstader og 64 lokale senter.
- 31. januar:
- Presidenten av Nauru, Hammer DeRoburt, erklærte sjølvstende frå Australia.
- Vietnamkrigen: Tet-offensiven heldt fram med åtak på Saigon. Sentrale institusjonar som radiohuset, presidentpalasset og USA sin ambassad blei tekne av FNL.
- 1. februar: Vietnamkrigen: Avrettinga av ein fanga FNL-offiser utført av ein sørvietnamesisk politisjef blei fotografert av Eddie Adams. Biletet blei verdskjend og bidrog til å svinga folkeopinionen mot Vietnamkrigen.
- 6.-18. februar: Vinter-OL i Grenoble
- 11. februar: Grenseslag mellom Israel og Jordan.
- 8. mars: Studentar demonstrerte i Polen mot det kommunistiske styret i landet.
- 12. mars: Den britiske kolonien Mauritius blei sjølvstendig republikk, men fortsette som medlem i Det britiske samveldet.
- 16. mars: Vietnamkrigen: My Lai-massakren fann stad då soldatar frå USA drap og mishandla 347 sivile ved landsbyen My Lai i Vietnam.
- 17. mars: Ein demonstrasjon mot vietnamkrigen i London blei valdeleg. 91 blei skada og 200 demonstrantar blei arresterte.
- 19.-23. mars: Studentar ved Howard-universitetet i Washington, D.C. arrangerte demonstrasjonar, okkuperte administrasjonsbygget og stengde universitetet i fem dagar i protest mot Vietnamkrigen, tvangsrekruttering og mangelen på afrikanskretta pensum.
- 22. mars: Den første studentaksjonen i Frankrike fann stad då åtte studentar, leia av Daniel Cohn-Bendit, okkuperte administrasjonskontora på Universitetet i Nanterre.
- 2. april: Bomber plasserte av Andreas Baader og Gudrun Ensslin gjekk av ved midnatt i to stormagasin i Frankfurt am Main.
- 4. april:
- Borgarrettsaktivisten Martin Luther King jr. blei drepen i Memphis i USA.
- Apollo-programmet: NASA skaut opp romskipet Apollo 6.
- 6. april: Valdsame raseopptøy i USAs hovudstad Washington.
- 11. april:
- Den tyske studentleiaren Rudi Dutscheke blei skoten ned av ein ny-nazist i Berlin. Han overlevde attentatet, men fekk hjerneskader.
- USA sin president Lyndon B. Johnson godkjende loven Civil Rights Act of 1968, som gjorde diskriminering i samband med husvære ulovleg.
- 20. april:
- Enoch Powell heldt den berømte talen sin «Rivers of Blood» mot innvandrarar og antidiskrimineringslovar.
- Pierre Elliott Trudeau blei statsminister i Canada.
- 23.-30. april: Studentar tok over administrasjonsbygget og stengde Columbia-universitetet i New York i protest mot vietnamkrigen.
- 3. mai: Studentopptøy i Frankrike. Sorbonne-universitetet stengde lesesalane.
- 6. mai: Franske studentar og lærar gjekk i bresjen for ein generalstreik. Streiken utvikla seg etterkvart til opne gatekampar, mellom anna i Paris
- 11. mai: Regjeringa i Frankrike gjekk med på fleire av studentkrava.
- 15. mai: Fleire tornadoar gjorde stor skade i Iowa og Arkansas.
- 17. mai: Ei gruppe katolikkar tok 378 vernepliktsmapper frå eit kontor i Catonsville i Maryland og sette fyr på dei med napalm i protest mot vietnamkrigen.
- 26. mai: Island innførte høgrekjøring.
- 3. juni: Andy Warhol blei skoten og såra av Valerie Solanas.
- 5. juni: Robert F. Kennedy blei skoten ned i Los Angeles i USA og døydde neste dag.
- 17. juli: Eit kupp i Irak avsette Abdul Rahman Arif. Ahmad Hassan al-Bakr blei ny president og Saddam Hussein nestkommanderande.
- 20. august: Warszawapakta invaderte Tsjekkoslovakia.
- 22.-30. august: Politi og krigsmotstandarar brakte saman i Chicago medan det demokratiske partiet i USA heldt årsmøte.
- 24. august: Frankrike sprengde si første hydrogenbombe og blei verdas femte atommakt.
- 31. august: Jordskjelv i Iran. 12 000 omkom.
- 6. september: Swaziland fekk sjølvstende.
- 7. september: 150 kvinner demonstrerte mot Miss America-tevlinga som utnytting av kvinner.
- 13. september: Albania trekte seg frå Warszawa-pakta.
- 27. september: Marcelo Caetano blei statsminister i Portugal.
- 2. oktober: Fleire hundre meksikanske studentar blei drepne i tlatelolcomassakren, berre dagar før Sommar-OL 1968 tok til i Mexico by.
- 3. oktober: Militærkupp i Peru.
- 11. oktober:
- 12. oktober: Ekvatorial-Guinea fekk sjølvstende.
- 16. oktober:
- Sommar-OL: Tommie Smith og John Carlos, afroamerikanske medaljevinnarar i 200-meter, reiste armane i ei black power- helsing medan dei stod på sigerspallen.
- Folk i Kingston på Jamaica gjorde opprør mot at den guyanske aktivisten Walter Rodney var blitt utestengd frå landet.
- 5. november: Luis A. Ferre blei vald til guvernør av Puerto Rico.
- 24. desember: Romskipet Apollo 8 gjekk inn i bane rundt månen, og astronautane om bord blei dei først til å sjå baksida av månen.
Noreg
- 19. februar: Snøras i Bondalen drap fire.
- 18. mars: Postverket innførte postnummer.
- 28. mars: Vedtak om å oppretta Universitetet i Trondheim og Universitetet i Tromsø.
- 23. august: Opninga av Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden ved Oslo.
- 29. august: Kronprins Harald gifta seg med Sonja Haraldsen i Oslo domkyrkje.
- 5. september: Flaum i Telemark
- 13. september: Den norske kvalfangsten på den sørlege halvkula tok slutt då det siste kvalfangstrederiet vedtok å ikkje senda nokon ekspedisjon neste sesong.
- 9. oktober: Det blei meld om dei første oljefunna på norsk sokkel.
- 13. desember: Per Lønning blei første biskop i det nyoppretta Borg bispedømme.
- 13. desember: Trålaren «Skjervøyfisk II» kantra og sokk utanfor Kjøllefjord. To omkom.
Født
- Sjå òg Fødde i 1968.

- 19. januar: Knut Olav Åmås, norsk journalist og forfattar
- 30. januar: Felipe VI av Spania, konge
- 2. februar: Espen Bredesen, norsk skihoppar
- 18. februar: Molly Ringwald, amerikansk skodespelar
- 27. februar: Ståle Solbakken, norsk fotballspelar og trenar
- 6. mars: Moira Kelly, amerikansk skodespelar
- 15. mars: Terje Riis-Johansen, norsk politikar og minister
- 30. mars: Celine Dion, canadisk songar
- 7. april: Stein Torleif Bjella, norsk musikar og låtskrivar
- 24. april: Jelena Välbe, russisk langrennsløpar
- Hashim Thaçi, kosovisk statsminister
- 1. mai: Bjørn Sortland, norsk forfattar
- 7. mai: Traci Lords, amerikansk songar og skodespelar
- 9. mai: Marie-José Pérec, fransk friidrettsutøvar
- 26. mai: Kronprins Frederik av Danmark
- 28. mai: Kylie Minogue, australsk songar og skodespelar
- 1. juni: Jason Donovan, australsk songar og skodespelar
- 26. juni: Paolo Maldini, italiensk fotballspelar
- 16. juli: Larry Sanger, amerikansk forretningsmann
- 17. juli: Tor Eystein Øverås, norsk forfattar
- 21. juli: Brandi Chastain, amerikansk fotballspelar
- 31. juli: Knut Holmann, norsk padlar
- 6. august: Monica Mæland, norsk politikar
- 15. august: Frode Øverli, norsk teikneserieskapar
- 7. september: Marcel Desailly, fransk fotballspelar
- 25. september: Will Smith, amerikansk skodespelar og rapper
- 26. oktober: Jon Åge Tyldum, norsk skiskyttar
- 29. oktober: Aili Keskitalo, norsk–samisk politikar
- Johann Olav Koss, norsk skøyteløpar
- 6. november: Kjetil Rekdal, norsk fotballspelar og -trenar
- 6. desember: Karl Ove Knausgård, norsk forfattar
Døde
- Sjå òg Døde i 1968.

- 29. februar: Tore Ørjasæter, norsk forfattar
- 19. mars: Aagot Didriksen, norsk skodespelar
- 25. mars: Arnulf Øverland, norsk forfattar
- 27. mars: Jurij Gagarin, sovjetisk kosmonaut
- 4. april: Martin Luther King Jr., amerikansk prest og borgarrettsaktivist
- 24. mai: Paal Berg, norsk motstandsleiar og høgsterettsjustitiarius
- 1. juni: Helen Keller, amerikansk forfattar
- 6. juni: Robert F. Kennedy, amerikansk politikar
- 28. juli: Otto Hahn, tysk kjemikar
- 17. september: Jolly Kramer-Johansen, norsk musikar og toneskapar
- 9. november: Jan Johansson, svensk musikar
- 25. november: Upton Sinclair, amerikansk forfattar
- 20. desember: John Steinbeck, amerikansk forfattar
- 30. desember: Trygve Lie, norsk politikar
Skildringar av 1968
1968 er blitt skildra i ei rekke kulturelle verk, til dømes har forfattaren Milan Kundera og visediktaren Karel Kryl skrive om prahavåren. Skodespelet The Partyav Trevor Griffiths skildrar 1968 i Storbritannia.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «1968» frå Wiki på bokmål, og «1968» frå Wiki på engelsk den 5. april 2008.
Fotnotar
- ↑ John Harris: «I wasn't born in 1968 - but I yearn for its dizzying spirit»
- ↑ Lexingtion: «The 40-year itch» i The Economist, Jan 3rd 2008
- ↑ 1968: The Year That Changed Everything Arkivert 2008-04-08 ved Wayback Machine. i Newsweek, Nov 19, 2007
- ↑ Supertirsdagens historiske valg i Telemarksavisa
Bakgrunnsstoff

- Mark Kurlansky: 1968: The Year That Rocked the World (Ballantine Books, 2003)
- The Whole World Was Watching: an oral history of 1968 Munnleg historieprosjekt om 1968 i USA (engelsk)
- Prague Spring Nettstad om prahavåren (engelsk)
- Plakatar frå Paris-opprøret
- Framsidebilete på Life Magazine frå 1968 Arkivert 2008-03-09 ved Wayback Machine.
- Tariq Ali: «Where has all the rage gone?» i The Guardian, Saturday March 22 2008
Galleri
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 1968, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
In other languages:
- Abkhasisk: 1968 - Wiki аԥсшәа
- Afrikaans: 1968 - Wiki Afrikaans
- Sveitsertysk: 1968 - Wiki Alemannisch
- Amharisk: 1968 እ.ኤ.አ. - Wiki አማርኛ
- Aragonsk: 1968 - Wiki Aragonés
- Arabisk: 1968 - Wiki العربية
- Arameisk: 1968 - Wiki ܐܪܡܝܐ
- Marokkansk-arabisk: 1968 - Wiki الدارجة
- Egyptisk arabisk: 1968 - Wiki مصرى
- Asturisk: 1968 - Wiki Asturianu
- Avarisk: 1968 - Wiki авар
- Kotava: 1968 - Wiki Kotava
- Aymara: 1968 - Wiki Aymar aru
- Aserbajdsjansk: 1968 - Wiki Azərbaycanca
- Søraserbajdsjansk: ۱۹۶۸ (میلادی) - Wiki تۆرکجه
- Basjkirsk: 1968 йыл - Wiki башҡортса
- Balinesisk: 1968 - Wiki Basa Bali
- Bairisk: 1968 - Wiki Boarisch
- Samogitisk: 1968 - Wiki žemaitėška
- Sentralbikol: 1968 - Wiki Bikol Central
- Kviterussisk: 1968 - Wiki беларуская
- Belarusisk (klassisk ortografi): 1968 - Wiki беларуская (тарашкевіца)
- Bulgarsk: 1968 - Wiki български
- Bihari: 1968 - Wiki भोजपुरी
- Banjar: 1968 - Wiki Banjar
- Bengali: ১৯৬৮ - Wiki বাংলা
- Bishnupriya: মারি ১৯৬৮ - Wiki বিষ্ণুপ্রিয়া মণিপুরী
- Bretonsk: 1968 - Wiki Brezhoneg
- Bosnisk: 1968. - Wiki Bosanski
- Katalansk: 1968 - Wiki Català
- Chavacano: 1968 - Wiki Chavacano de Zamboanga
- Mindong: 1968 nièng - Wiki 閩東語 / Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄
- Tsjetsjensk: 1968 шо - Wiki нохчийн
- Cebuano: 1968 - Wiki Cebuano
- Sorani: ١٩٦٨ - Wiki کوردی
- Krimtatarisk: 1968 - Wiki Qırımtatarca
- Tsjekkisk: 1968 - Wiki čeština
- Kasjubisk: 1968 - Wiki Kaszëbsczi
- Tsjuvansk: 1968 - Wiki чӑвашла
- Walisisk: 1968 - Wiki Cymraeg
- Dansk: 1968 - Wiki Dansk
- Tysk: 1968 - Wiki Deutsch
- Dimli: 1968 - Wiki Zazaki
- Lågsorbisk: 1968 - Wiki Dolnoserbski
- Gresk: 1968 - Wiki Ελληνικά
- Emiliano-romagnolo: 1968 - Wiki Emiliàn e rumagnòl
- Engelsk: 1968 - Wiki English
- Esperanto: 1968 - Wiki Esperanto
- Spansk: 1968 - Wiki Español
- Estisk: 1968 - Wiki Eesti
- Baskisk: 1968 - Wiki Euskara
- Persisk: ۱۹۶۸ - Wiki فارسی
- Finsk: 1968 - Wiki Suomi
- Sørestisk: 1968 - Wiki Võro
- Færøysk: 1968 - Wiki Føroyskt
- Fransk: 1968 - Wiki Français
- Arpitansk: 1968 - Wiki Arpetan
- Nordfrisisk: 1968 - Wiki Nordfriisk
- Friulisk: 1968 - Wiki Furlan
- Vestfrisisk: 1968 - Wiki Frysk
- Irsk: 1968 - Wiki Gaeilge
- Gagausisk: 1968 - Wiki Gagauz
- Gan: 1968年 - Wiki 贛語
- Franskguyansk kreol: 1968 - Wiki Kriyòl gwiyannen
- Skotsk-gælisk: 1968 - Wiki Gàidhlig
- Galisisk: 1968 - Wiki Galego
- Guarani: 1968 - Wiki Avañe'ẽ
- Manx: 1968 - Wiki Gaelg
- Hakka: 1968-ngièn - Wiki 客家語/Hak-kâ-ngî
- Hebraisk: 1968 - Wiki עברית
- Hindi: १९६८ - Wiki हिन्दी
- Fijiansk hindi: 1968 - Wiki Fiji Hindi
- Kroatisk: 1968. - Wiki Hrvatski
- Høgsorbisk: 1968 - Wiki Hornjoserbsce
- Haitisk: 1968 (almanak gregoryen) - Wiki Kreyòl ayisyen
- Ungarsk: 1968 - Wiki Magyar
- Armensk: 1968 - Wiki հայերեն
- Vestarmensk: 1968 թուական - Wiki Արեւմտահայերէն
- Interlingua: 1968 - Wiki Interlingua
- Indonesisk: 1968 - Wiki Bahasa Indonesia
- Interlingue: 1968 - Wiki Interlingue
- Iloko: 1968 - Wiki Ilokano
- Ido: 1968 - Wiki Ido
- Islandsk: 1968 - Wiki íslenska
- Italiensk: 1968 - Wiki Italiano
- Japansk: 1968年 - Wiki 日本語
- Lojban: 1968moi - Wiki La .lojban.
- Javanesisk: 1968 - Wiki Jawa
- Georgisk: 1968 - Wiki ქართული
- Kabiye: 1968 - Wiki Kabɩyɛ
- Kasakhisk: 1968 жыл - Wiki қазақша
- Kannada: ೧೯೬೮ - Wiki ಕನ್ನಡ
- Koreansk: 1968년 - Wiki 한국어
- Karachay-balkar: 1968 джыл - Wiki къарачай-малкъар
- Kølnsk: Joohr 1968 - Wiki Ripoarisch
- Kurdisk: 1968 - Wiki Kurdî
- Komi: 1968-ӧд во - Wiki коми
- Kornisk: 1968 - Wiki Kernowek
- Kirgisisk: 1968 - Wiki кыргызча
- Latin: 1968 - Wiki Latina
- Luxemburgsk: 1968 - Wiki Lëtzebuergesch
- Lezghian: 1968 йис - Wiki лезги
- Limburgisk: 1968 - Wiki Limburgs
- Ligurisk: 1968 - Wiki Ligure
- Lombardisk: 1968 - Wiki Lombard
- Lingala: 1968 - Wiki Lingála
- Litauisk: 1968 m. - Wiki Lietuvių
- Latvisk: 1968. gads - Wiki Latviešu
- Maithili: १९६८ - Wiki मैथिली
- Banyumasan: 1968 - Wiki Basa Banyumasan
- Moksha: 1968 - Wiki мокшень
- Madagassisk: 1968 - Wiki Malagasy
- Austmarisk: 1968 - Wiki олык марий
- Maori: 1968 - Wiki Māori
- Minangkabau: 1968 - Wiki Minangkabau
- Makedonsk: 1968 - Wiki македонски
- Malayalam: 1968 - Wiki മലയാളം
- Mongolsk: 1968 он - Wiki монгол
- Marathi: इ.स. १९६८ - Wiki मराठी
- Vestmarisk: 1968 и - Wiki кырык мары
- Malayisk: 1968 - Wiki Bahasa Melayu
- Burmesisk: ၁၉၆၈ - Wiki မြန်မာဘာသာ
- Erzia: 1968 ие - Wiki эрзянь
- Nauru: 1968 - Wiki Dorerin Naoero
- Nahuatl: 1968 - Wiki Nāhuatl
- Napolitansk: 1968 - Wiki Napulitano
- Lågtysk: 1968 - Wiki Plattdüütsch
- Lågsaksisk: 1968 - Wiki Nedersaksies
- Newari: ई सं १९६८ - Wiki नेपाल भाषा
- Nederlandsk: 1968 - Wiki Nederlands
- Norsk bokmål: 1968 - Wiki Norsk bokmål
- Novial: 1968 - Wiki Novial
- Norman: 1968 - Wiki Nouormand
- Nordsotho: 1968 - Wiki Sesotho sa Leboa
- Oksitansk: 1968 - Wiki Occitan
- Livvisk: 1968 - Wiki Livvinkarjala
- Odia: ୧୯୬୮ - Wiki ଓଡ଼ିଆ
- Ossetisk: 1968-æм аз - Wiki ирон
- Panjabi: 1968 - Wiki ਪੰਜਾਬੀ
- Pampanga: 1968 - Wiki Kapampangan
- Papiamento: 1968 - Wiki Papiamentu
- Pennsylvaniatysk: 1968 - Wiki Deitsch
- Pali: १९६८ - Wiki पालि
- Polsk: 1968 - Wiki Polski
- Vestpunjabi: 1968 - Wiki پنجابی
- Portugisisk: 1968 - Wiki Português
- Quechua: 1968 - Wiki Runa Simi
- Rumensk: 1968 - Wiki Română
- Russisk: 1968 год - Wiki русский
- Rusinsk: 1968 - Wiki русиньскый
- Sakha: 1968 сыл - Wiki саха тыла
- Sardinsk: 1968 - Wiki Sardu
- Siciliansk: 1968 - Wiki Sicilianu
- Skotsk: 1968 - Wiki Scots
- Sindhi: 1968ع - Wiki سنڌي
- Nordsamisk: 1968 - Wiki Davvisámegiella
- Serbokroatisk: 1968 - Wiki Srpskohrvatski / српскохрватски
- Shan: 1968 - Wiki ၽႃႇသႃႇတႆး
- Singalesisk: 1968 - Wiki සිංහල
- Enkel engelsk: 1968 - Wiki Simple English
- Slovakisk: 1968 - Wiki Slovenčina
- Slovensk: 1968 - Wiki Slovenščina
- Enaresamisk: 1968 - Wiki Anarâškielâ
- Somali: 1968 - Wiki Soomaaliga
- Albansk: 1968 - Wiki Shqip
- Serbisk: 1968 - Wiki српски / srpski
- Saterfrisisk: 1968 - Wiki Seeltersk
- Sundanesisk: 1968 - Wiki Sunda
- Svensk: 1968 - Wiki Svenska
- Swahili: 1968 - Wiki Kiswahili
- Schlesisk: 1968 - Wiki ślůnski
- Tamil: 1968 - Wiki தமிழ்
- Telugu: 1968 - Wiki తెలుగు
- Tadsjikisk: Соли 1968 - Wiki тоҷикӣ
- Thai: พ.ศ. 2511 - Wiki ไทย
- Turkmensk: 1968 - Wiki Türkmençe
- Tagalog: 1968 - Wiki Tagalog
- Tok pisin: 1968 - Wiki Tok Pisin
- Tyrkisk: 1968 - Wiki Türkçe
- Tatarisk: 1968 ел - Wiki татарча / tatarça
- Tahitisk: 1968 - Wiki Reo tahiti
- Udmurt: 1968 ар - Wiki удмурт
- Uigurisk: 1968 - يىلى - Wiki ئۇيغۇرچە / Uyghurche
- Ukrainsk: 1968 - Wiki українська
- Urdu: 1968ء - Wiki اردو
- Usbekisk: 1968 - Wiki Oʻzbekcha / ўзбекча
- Venetiansk: 1968 - Wiki Vèneto
- Vietnamesisk: 1968 - Wiki Tiếng Việt
- Vestflamsk: 1968 - Wiki West-Vlams
- Volapyk: 1968 - Wiki Volapük
- Vallonsk: 1968 - Wiki Walon
- Waray: 1968 - Wiki Winaray
- Wu: 1968年 - Wiki 吴语
- Kalmykisk: 1968 җил - Wiki хальмг
- Mingrelsk: 1968 - Wiki მარგალური
- Jiddisk: 1968 - Wiki ייִדיש
- Zeeuws: 1968 - Wiki Zeêuws
- Kinesisk: 1968年 - Wiki 中文
- Klassisk kinesisk: 一九六八年 - Wiki 文言
- Minnan: 1968 nî - Wiki Bân-lâm-gú
- Kantonesisk: 1968年 - Wiki 粵語
- Zulu: 1968 - Wiki IsiZulu