Salmane, òg kalla Davidssalmane, er ei av visdomsbøkene i Bibelen.
Boka inneheld poetiske tekstar og er den lengste boka i Bibelen. Mange av tekstane er retta til Gud.
Boka omfatter i alt 150 salmar i ulike sjangrar. Nokre salmar er vekselsongar som har vore bruka i tidlege jødiske gudstenesteritual (til dømes salme 15 og 24), andre er skrivne for kongevigsling (t.d. salme 2 og 110). Salme 1 og salme 119 er læresalmar, medan dei fleste andre som ber preg av å vere bøner, profeti, fyndord og lovprisingsvers. Dei er knytte til vidt forskjellige tidsperiodar; nokre omtaler hendigar etter bortføringa til Babylon. Tekstene skal ha vore skrivne av Moses, David (vel sytti salmar er Davidssalmar), Salomo (12 salmar), Asaf og fleire andre, ikkje alle er namngjevne. Fleire av tekstane har overskrifter, og i nokre er det ført opp musikalske uttrykk som vi ikkje sikkert kan tyde i dag.
Det hebraiske namnet på Salmane er Tehillím (hebraisk skrift תְּהִלִּים [təhil'līm]) eller sefer tehillim, 'lovprisingsboka'. Det greske er Psalmoi (Ψαλμοί [psal'moj]). Dette er avleidd av psalmos, 'lovsong', frå psallein, 'å syngja til harpeakkompagnement'. Bokmålsnamnet er Salmenes bok. Ein har også omtalt samlinga som Psalteren, etter psalterion, eit strengeinstrument.
Tradisjonelt vert Salmane delte inn i fem delar: Første bok, kap. 1-41, Andre bok, kap. 42-72, Tredje bok, kap. 73-89, Fjerde bok, kap 90-106, og Femte bok, kap. 107-150. Kvar av desse bolkane sluttar med eit lovprisningsord. Heile salme 150 er ei lovprising som avsluttar heile salmesamlinga.
Tekstane er eit godt eksempel på den semittiske poesien frå oldtida. Dei inneheld opptakingar og parallellstrofar, som er typisk for litteraturen. Dei tek opp mange av dei religiøse tankane som resten av Den hebraiske bibelen held fram. Dei gjev uttrykk for både lovprising, sorg, bøn og andre kjensler. Nokre av salmane er akrostiske; det vi seie at dei er inndelte i avsnitt som begynner på forskjellige bokstavar i det hebraiske alfabetet.
Salmane har alltid vore sentrale i den jødiske gudsdyrkinga. Dei blir òg rekna som sentrale skrift i kristendommen. Dei bibelske salmane har vore førebilete for den kristne salmediktinga. Vi finn mange av orda att i salmeboka, til dømes desse linene frå den 127. salmen som vi finn att i fedrelandssalmen til Blix:
Den eldste tilnærma fullstendige utgåva av den hebraiske teksten er handskriftet Codex Leningradensis frå 1008. Dette blir nytta i dei fleste moderne bibelutgåver, både kristne og jødiske. Det finst òg eldre hebraiske handskrift som Codex Aleppo frå 900-talet og kring tretti Daudehavstekstar, men desse er ikkje fullstendige.
Salmane blei saman med heile den hebraiske bibelen omsett til gresk i ein jødisk kontekst frå 200-talet f.Kr. til det første hundreåret. Desse omsetjingane blei kalla Septuaginta. Talet på handskrifter av Salmane er høgt samanlikna med andre bibelske bøker.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Salmane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.