Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Edvard VII av Storbritannia

From Wikipedia, the free encyclopedia

Edvard VII (9. november 18416. mai 1910) engelsk Edward VII (Albert Edward) var den fyrste britiske monarken av fyrstehuset Saxen-Coburg-Gotha. I tillegg til å vera konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, og britiske oversjøiske koloniar, var han og keisar av Britisk India. Han regjerte frå då mor hans, Victoria av Storbritannia, døydde den 22. januar 1901. Han var konge fram til han døydde den 6. mai 1910. Før han vart konge hadde han tittelen Prince of Wales (prins av Wales). Edvard er den som til no har vore kronprins i lengst tid i britisk og engelsk historie.

Edvard VII av Storbritannia
King-Edward-VII (cropped).jpg
Regjeringstid1901-1910
Fødd9. november 1841
FødestadBuckingham Palace
Død6. mai 1910
DødsstadBuckingham Palace
GravstadSt. George's Chapel
FøregangarVictoria I
EtterfølgjarGeorg V
Gift medAlexandra av Storbritannia
DynastiFyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha
FarAlbert av Sachsen-Coburg-Gotha
MorVictoria av Storbritannia
BornAlbert Victor, hertug av Clarence og Avondale, Georg V av Storbritannia, Louise av Storbritannia, Prinsesse Victoria av Storbritannia, Maud av Noreg, Prince Alexander John of Wales

Edvard vart 3. oktober 1874 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
This article uses material from the Wikipedia article Edvard VII av Storbritannia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors).