Dompap: Art av sporvefuglar

Dompapen (Pyrrhula pyrrhula) er ein fugl i finkefamilien.

Dompap
Dompaphann (øvst) og ho.
Dompaphann (øvst) og ho.

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av dompap
Utbreiinga av dompap
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Pyrrhula
Art: Dompap P. pyrrhula
Vitskapleg namn
Pyrrhula pyrrhula

Han er om lag 16 cm lang, og veg rundt 21 gram. Fuglen heldt til i Europa og tempererte Asia, hovudsakleg som standfugl, men nokre nordlege fuglar trekk sørover om vinteren.

Namnet «dompap» kjem frå lågtysk dompape med tydinga 'domherre', fordi fjørdrakta minner om draktfargane til ein slik.

Skildring

Dompapen er lett å kjenna att når ein fyrst får auge på han. Hannen har eit raudt bryst, ei svart hette på hovudet og ein blågrå rygg. Hoa liknar hannen, men har eit gråbrunt bryst. Vengene har gråkvite band hjå båe kjønna. Nebbet er stutt og kraftig med skarpe kantar slik at han kan ta av skalet av frø og knoppar.

Dompapen liker seg best i nåle- og blandingsskog, men òg i parkar og hagar. Dei byggjer reira sine i buskar og tre der hoa legg ein 4–7 egg.

Arten dannar ingen store flokkar utanfor hekketida og er oftast sett som eit par eller ei familiegruppe.

I kulturen

Som ein overvintrande, raudfarga fugle er dompapen blitt knytt til jul, og blir framstilt på julekort og som julepynt. Fuglen opptrer i eventyret «Røde og graa dompaper» av Henrik Wergeland og i songen «Du og jeg og dompapen» av Alf Prøysen.

Galleri

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Dompap SkildringDompap I kulturenDompap GalleriDompap KjelderDompap BakgrunnsstoffDompapFinkefamilienStandfuglTemperert

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Tatjana TomasjovaLeksikonMrs. RobinsonHaikuPaparoa nasjonalparkDurgaTyrkiaCommunist Party of Great BritainTankbilSjakkKaptein SabeltannMiljøproblemSunnmøreMesonAndreas WidhölzlMispelBukspyttkjertelenLokeSteve JobsKattInkarikets fallIranAfrikaByar i HellasJuhani JärvinenTorremolinosLilletveitEuropaMarcus & MartinusVM i friidrett 2019InternettJerusalemNato-alfabetetBelgiaForvandlingaHumlerKristiansund BallklubbAnette HoffJavier CulsonØElizabeth II av StorbritanniaSvartehavetInformasjonsteknologiIsbreGhanaVictoria av StorbritanniaNoreg under sommar-OL 2008Humphrey BogartVaremerkeOrellanaprovinsenKjerringa med stavenLuciano PavarottiBrenselcelleScrabble2002JordaPesahParisThe Big Bang TheoryOrKrøllparentesListe over primtalJerry Leiber og Mike StollerAdolf HitlerVM i friidrett 2022ColombiaKokosmakronSirkelGambiaHadjMesopotamiaBuskerud fylke1900-taletGråorGrønlandTeltTherese Bjørneboe🡆 More