Jimmy Page: Britisk gitarist

James Patrick «Jimmy» Page, OBE (fødd 9.

januar">9. januar 1944) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent. Han starta karrieren sin som studiomusikar i London før han vart medlem av The Yardbirds frå 1966 til 1968. Etter det starta han det engelske rockebandet Led Zeppelin.

Jimmy Page
Jimmy Page: Unge år, Studiomusikar, Yardbirds
Fødd9. januar 1944 (80 år)
FødestadHeston
FødenamnJames Patrick Page
AliasZoSo
OpphavStorbritannia
Aktiv1958 til i dag
SjangerHardrock, heavy metal, bluesrock, rock and roll, folkrock
InstrumentGitar, mandolin, dulcimer, theremin, bass, banjo, munnspel, dobro, sitar, klaverinstrument, tamburin, tamboura, lirekasse, pedalsteelgitar
Kjende instrumentJimmy Page Signature Les Paul
Gibson EDS-1275
Fender Telecaster
Danelectro Shorthorn
Gibson J-200
Gibson RD
Gibson Hummingbird
Tilknytte artistarThe Yardbirds, Led Zeppelin, The Honeydrippers, The Firm, Coverdale and Page, Page and Plant, Herman's Hermits, XYZ, Joe Cocker, The Edge, Jack White, Donovan
PlateselskapSwan Song, Atlantic, Geffen, Fontana, Mercury
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent
Gift medPatricia Ecker, Jimena Gómez-Paratcha
Sambuar medScarlett Sabet
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, Kennedy Center Honors, MOJO Awards

Han vert ofte rekna som ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane og låtskrivarane i rockehistoria. Rolling Stone har skildra han som «ypparstepresten i power-riff og truleg den mest digitalt sampla artisten i pop i dag etter James Brown.» I 2010 vart Jimmy Page rangert på andreplass på lista til Gibson over dei 50 beste gitaristane gjennom tidene og i 2007 på fjerdeplass på lista til Classic Rock Magazine over dei 100 villaste gitarheltane. Page vart rangert på niandeplass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene i 2003. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, ein gong som medlem av The Yardbirds (1992), og ein gong som medlem av Led Zeppelin (1995).

Unge år

Page byrja å spele gitar som 12-åring. Han vart etterkvart ein svært dugeleg gitarist, og var på midten av 1960-talet ein av dei mest etterspurte studiomusikarane i London-området. Gitarspelinga hans kan høyrast på plater med blant andre Nico, The Kinks, The Who, Tom Jones og Herman's Hermits. Etterkvart gjekk likevel Page lei av å berre spele andre sin musikk, og takka ja då han i 1966 fekk tilbod om å bli med i The Yardbirds.

Studiomusikar

Som student jamma ofte Page på scenen på The Marquee med band som Cyril Davies sitt All Stars, Alexis Korner sitt Blues Incorporated og gitaristane Jeff Beck og Eric Clapton. Han vart oppdaga ein kveld av John Gibb frå Brian Howard & The Silhouettes, som spurte han om han ville hjelpe han å spele inn nokre singlar for Columbia Graphophone Company, mellom anna «The Worrying Kind». Det var først då han fekk eit tilbod hos Mike Leander frå Decca Records at Page byrja å jobbe som fast studiomusikar. Den første innspelinga for selskapet var innspelinga «Diamonds» av Jet Harris og Tony Meehan, som gjekk til førsteplassen på singellista tidleg i 1963.

Etter ein kort periode med Carter-Lewis and the Southerners, Mike Hurst and the Method og Mickey Finn and the Blue Men, byrja Page som studiomusikar på fulltid. Som studiogitarist var han kjend som «Little Jim» for å ikkje forveksle han med ein annan kjend britisk studiogitarist, Big Jim Sullivan. Page var i starten hovudsakleg nytta som «reserve» eller som andregitarist.

Page vart ein favoritt hos produsent Shel Talmy, og arbeidde derfor på songar for The Who og The Kinks, som Talmy arbeidde med. I 1964 arbeidde Page på Marianne Faithfull sin «As Tears Go By», The Nashville Teens sin «Tobacco Road», The Rolling Stones sin «Heart of Stone» (på Metamorphosis), Van Morrison & Them sin «Baby Please Don't Go» og «Here Comes the Night», Dave Berry sin «The Crying Game» og «My Baby Left Me», Brenda Lee sin «Is It True», Petula Clark sin «Downtown» og David Bowie sin «I Pity the Fool». I lag med produsent Talmy medverka Page på debutalbumet til The Kinks og han spelte 6-strengs rytmegitar på innspelinga for den første singelen til The Who, «I Can't Explain» (sjølv om Pete Townshend var motvillig til å la Page vere med på det endelege opptaket. Page spela òg sologitar på B-sida «Bald Headed Woman»).

I 1965 vart Page innleigd av Rolling Stones-manageren Andrew Loog Oldham som husprodusent og A&R-mann for det nyoppretta selskapet Immediate Records, der han fekk spele og/eller produsere songar av John Mayall, Nico, Chris Farlowe, Twice as Much og Eric Clapton. Page danna òg eit kort låtskrivarpartnarskap med den dåverande kjærasten Jackie DeShannon. Han skreiv og spelte inn songar for John Williams (ikkje den klassiske gitaristen) sitt The Maureeny Wishful Album med Big Jim Sullivan. Page arbeidde som studiomusikar på Donovan Leitch sitt Sunshine Superman i 1966 & the Johnny Hallyday-albuma Jeune Homme (1968) og Je Suis Né Dans La Rue (1969), Al Stewart-albumet Love Chronicles i 1969, og spelte gitar på fem songar på debutalbumet til Joe Cocker, With a Little Help from My Friends.

Yardbirds

Seint i 1964 forlet Eric Clapton The Yardbirds, og Page fekk då tilbodet om å verte den nye gitaristen. Han takka høfleg nei, sidan han ønskte å halde fram den lukrative jobben som studiomusikar. Jeff Beck vart då gitarist i stadenfor. Yardbirds var eit av dei første britiske bluesrockbanda. Berre veker etter at Page gav seg som studiomusikar, slutta bassisten Paul Samwell-Smith i Yardbirds. Page spurte bandet om han kunne få ta over og dei takka ja. Page starta som bassist, sidan Yardbirds alt hadde ein svært dugeleg gitarist i Jeff Beck, men etterkvart gjekk ein over til å ha både Page og Beck på gitar. Chris Dreja vart då flytta på bass.

Yardbirds vart oppløyst våren 1968 midt i ein europaturné. Beck hadde på dette tidspunktet alt forlate gruppa, og Page sette i gang prosessen med å starte eit nytt band som hadde arbeidstittelen «New Yardbirds».

Led Zeppelin

Jimmy Page: Unge år, Studiomusikar, Yardbirds 
Jimmy Page på konsert i Chicago, 1977.

Page har forklart at han hadde ein klår ide om kva han ønskte at Led Zeppelin skule vere heilt frå starten av:

« Eg hadde mange idear frå tida mi i The Yardbirds. The Yardbirds tillet meg å improvisere mykje på konsertane og eg starta å lage ei tekstbok med idear som eg etter kvart nytta i Zeppelin. I tillegg til desse ideane, ønskte eg eit meir akustisk lydbilete. Eg ønskte at Zeppelin skulle verte ei blanding av blues, hardrock og akustisk musikk, toppa med tunge refreng -- ein kombinasjon som ikkje var gjort tidlegare. Mykje lys og skugge i musikken. »

Påverknad

Erfaringa til Page som studiomusikar og med The Yardbirds var eit særs viktig bidrag til suksessen til Led Zeppelin i 1970-åra. Som produsent, låtskrivar og gitarist var han med å på å gjere Led Zeppelin til ein prototype for mange framtidige rockeband, og var ein av dei støre drivkreftene bak rockestilen på denne tida, som påverka mange andre gitaristar. Allmusic skriv at «nesten alle rockegitaristane frå seint i 60-åra/tidleg 70-åra til i dag har vore påverka av det Page gjorde med Led Zeppelin.» Til dømes nemner Dictators-bassisten Andy Shernoff at det raske Jimmy Page gitarriffet i «Communication Breakdown», ein påverkande song med element av protopunk, var ein inspirasjon for gitarstilen til The Ramones-gitarist Johnny Ramone. Ramone, som har skildra Page som «truleg den største gitaristen nokon gong», sa i dokumentaren "Ramones:The True Story" at han betra gitarteknikken sin med å spele denne songen om att og om att tidleg i karrieren. Brian May frå Queen, som òg var påverka av Page, har sagt at «eg trur ikkje nokon samanfatta skriving av riff betre enn Jimmy Page - han er ein av dei største hjernane innan rockemusikk.». Tom Scholz frå Boston var kraftig påverka av Jimmy Page og tilskriv dei doble gitarharmoniane i Led Zeppelin sin «How Many More Times» som ein inspirasjon for den særeigne stilen til Boston. Gitarsoloen til Page i songen «Heartbreaker» er nemnd av Eddie Van Halen som inspirasjonen til den doble tappe-teknikken hans, etter at han såg ein Led Zeppelin-konsert i 1971. Steve Vai har òg kommentert songen i 1998 Guitar World: «Denne songen hadde størst innverknad på meg som ungdom. Det var utfordrande, modig og skarp som berre der. Det er verkeleg den definitive gitarsoloen i rockehistoria.»

Jimmy Page: Unge år, Studiomusikar, Yardbirds 
Page i 2008 på Mojo Awards

Mange andre rockegitaristar var òg påverka av Jimmy Page, som Ace Frehley, Joe Satriani, John Frusciante, James Hetfield, Kirk Hammett, Zakk Wylde, Yngwie Malmsteen, Ritchie Blackmore, Tony Iommi, Joe Perry, Angus Young, Slash, Dave Mustaine, Mike McCready, Jerry Cantrell, Stone Gossard, Mick Mars, Paul Stanley, Alex Lifeson, og Dan Hawkins.

Page har av Uncut vorte skildra som «den største og mest mystiske gitarhelten i rockehistoria». I følgje MSNBC spelte Jimmy Page «noko av den mest fundamentale og minneverdige gitaren i rockehistoria - frå dei tyngste riffa til den mest delikate fingerplukkinga.» Den kjende, episke gitarsoloen til Page i «Stairway to Heaven» har vorte stemnd fram av lesarane av Guitar World og Total Guitar som den beste gitarsoloen gjennom tidene, og han vart kåra til «årets gitarist» fem gonger i 1970-åra av lesarane til Creem. Guitar World skreiv: «Truleg ein gitargud, er Jimmy Page ein av dei mest fengslande soloistane rockeverda nokon gong har sett.» I 1996 rangerte magasinet Mojo han som den sjuande beste gitaristen gjennom tidene. I 2002 vart han kåra til den nest største gitaristen gjennom tidene av Total Guitar. I 2003 sette Rolling Stone han som den niande beste gitaristen nokon gong. I 2007 rangerte Classic Rock Magazine han på 4. plass på lista deira over dei 100 villaste gitarheltane. I august 2009 rangerte Time Magazine han som den sjette beste elektriske gitaristen gjennom tidene. I 2010 vart Jimmy Page rangert som den nest beste gitaristen gjennom tidene av Gibson.

David Fricke, redaktør i Rolling Stone, skildra i 1988 Jimmy Page som «truleg den mest digitalt sampla artisten i pop i dag etter James Brown». Roger Daltrey frå The Who har lenge vore fan av Page og sa at han ønskte å lage ei supergruppe med Page i 2010. Keith Richards frå The Rolling Stones har skildra Jimmy Page som «ein av dei beste gitaristane eg har kjend». Jimmy Page var den første som vart innlemma i British Walk of Fame i august 2004. Page fekk prisen «Living Legend Award» av Classic Rock Magazine i 2007. I juni 2008 vart han æresdoktor ved University of Surrey for bidraga sine til musikkindustrien.

Etter Led Zeppelin

Jimmy Page: Unge år, Studiomusikar, Yardbirds 
Page i Cow Palace i San Francisco, 1983

Zeppelin vart oppløyst etter John Bonham døydde i 1980. I 1981 spela han inn nokre demoar saman med Chris Squire og Alan White frå Yes i eit prosjekt som vart kalla XYZ (ex Yes og (Led) Zeppelin). Page ville ha med Robert Plant, men etter som vokalisten takka nei etter ein jamsession, vart prosjektet lagt daudt. Sidan då har Jimmy Page halde ein relativt låg profil.

I 1982 samarbeidde Page med regissør Michael Winner med filmmusikken til Death Wish II og i 1985 med Death Wish III. Page spela med Roy Harper på albumet Whatever Happened to Jugula? i 1984 og eit par påfølgjande konsertar. Han spela òg inn musikk i lag med Robert Plant som The Honeydrippers og albumet The Honeydrippers: Volume 1, og med John Paul Jones for filmmusikken til Scream for Help.

Page samarbeidde så med Paul Rodgers for to album under namnet The Firm. Det første albumet, The Firm, kom ut i 1985. Albumet nådde 17. plass på Billboard-lista og selde til gull i USA. Det vart følgd opp av Mean Business i 1986. Bandet turnerte etter begge albuma, men vart raskt oppløyst.

Page spelte som studiomusikar igjen for Graham Nash, Stephen Stills og The Rolling Stones (singelen «One Hit (to the Body)»). I 1986 vart Page gjenforeing med fleire tidlegare Yardbirds-medlemmar for å spele på fleire songar på Box of Frogs-albumet Strange Land. Page gav ut soloalbumet Outrider i 1988 med bidrag frå Robert Plant, og Page spelte så på Plant-albumet Now and Zen, som kom ut same året. Page samarbeidde òg med David Coverdale i 1993 som Coverdale Page.

Ved eit par høve vart Led Zeppelin samla att, mellom anna i 1985 for Live Aid-konserten med både Phil Collins og Tony Thompson på trommer.

I 1994 slo Page seg saman med Plant att for MTV sin «Unplugged»-serie. Den 90 minuttar lange spesialen vart kalla Unledded. I oktober same året kom albumet frå innspelinga, No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded, og i 2004 som DVDen No Quarter Unledded. Dei la ut på turne etter albumet, og i 1998 spela dei inn Walking into Clarksdale.

Sidan 1990 har Page vore kraftig involvert i å mastre heile katalogen til Led Zeppeiln på ny med ny digital lyd. I 1998 spela han gitar på raparen og produsenten Puff Daddy sin «Come with Me», som sampla Led Zeppelin sin «Kashmir». Denne var med i filmen Godzilla. Seinare spelte dei to songen på Saturday Night Live.

I oktober 1999 slo Page seg saman med The Black Crowes for to kveldar der dei spelte songar av Led Zeppelin og gamle blues- og rockestandarar. Konserten vart innspelt og gjeve ut dom det doble konsertalbumet Live at the Greek i 2000. I 2001 spela han i lag med Limp Bizkit-frontmann Fred Durst og Wes Scantlin frå Puddle of Mudd på MTV Europe Video Music Awards i Frankfurt, der dei spela Led Zeppelin-songen «Thank You».

Jimmy Page: Unge år, Studiomusikar, Yardbirds 
Jimmy Page spelar på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i 2007

I 2005 fekk Page Order of the British Empire for arbeidet han hadde gjort for born i Brasil, og han vart gjort til æresborgar av Rio de Janeiro seinare på året.

I november 2006 vart Led Zeppelin innlemma i UK Music Hall of Fame. Den 10. desember 2007 vart dei gjenverande medlemmane av Led Zeppelin samla, i lag med sonen til John Bonham, Jason Bonham på trommer, for ein konsert i O2 Arena i London.

Under avslutningsseremonien til sommar-OL 2008 representerte Jimmy Page, David Beckham og Leona Lewis Storbritannia. Beckham køyrte ein dobbeldekkar inn på stadion og Page og Lewis framførte «Whole Lotta Love», som eit symbol på at OL nesten gong skulle haldast i London i 2012.

I 2008 medverka Page i dokumentaren til Davis Guggenheim kalla It Might Get Loud. Filmen omhandlar historia til den elektriske gitaren og fokusere på karrierane og stilane til Page, The Edge og Jack White. Filmen hadde premiere i 2008 på Toronto Film Festival. 4. april 2009 innlemma Page Jeff Beck i Rock and Roll Hall of Fame.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Jimmy Page Unge årJimmy Page StudiomusikarJimmy Page YardbirdsJimmy Page Led ZeppelinJimmy Page Etter Led ZeppelinJimmy Page KjelderJimmy Page BakgrunnsstoffJimmy Page19449. januarLed ZeppelinOrder of the British EmpireThe Yardbirds

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SothøneMjøsaBolognaKyle WalkerHektarSiderJonsokEininga barLiten stormNorges herligsteDen kalde krigenFagorganisasjonInnsjøar i SverigePer HenriksenNederlandSvalSatNatriumSexyTiulenijDet britiske imperietPikoØstfold fylkeSekulærSad i OmanTanágraØstenstadTsjekkiaTommy RobinsonFuruSaltBlåmannFørste maiTraktorMidsommarVelosipedKevin VågenesTrekanthandelThívaSvastikaAdolf HitlerMette-Marit av NoregMogopKjærleikFlorøFotballPlaneten JupiterBjørn Arild GramURLHenrik IbsenTalordSvartedauenJernMaiInformasjonskapselTelekommunikasjonNasjonaldrikkFolkerepublikken KinaKapp VerdeMerlionVassendgutaneKattAfghanistan24. aprilYoungs modulÅDen raude plassenAristotelesKvadratmeterClement AttleeE-nummerDinosaurarKristopher Schau🡆 More