Banjo er eit strengeinstrument med eit trommeskinn over resonanskassen.
Banjoen blei utvikla av afroamerikanske slavar med utgangspunkt i fleire afrikanske instrument.
Banjo | |||
Banjo med 5 strenger. | |||
Klassifisering | plucked necked box lute | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.322-8 |
Opphavleg hadde banjoen 5 strenger, og det er mest vanleg også i dag. Denne banjotypen vert ofte kalla bluegrass-banjo fordi han er mest nytta i country- og bluegrassmusikk, og er vanlegvis stemt i tonane G-D-G-H-D. Den femte strengen (G) er ein oktav høgare enn den tredje.
Det finst også variantar av 4-strengs banjoar som vert kalla plektrumbanjo og tenorbanjo. Desse vert nytta hovudsakleg innan dixielandjazz og tradisjonell irsk musikk.
Ukulelebanjoen finst i utgåvene sopran og tenor.
Gitarbanjoen har 6 strenger, er stemt som ein gitar og vert nytta hovudsakleg av gitarister som også vil spele banjo.
Mandolinbanjoen har 8 strenger og er stemt som ein mandolin.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Banjo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.