We Are The Champions

«We Will Rock You»

We Are the Champions
Singel av Queen
frå albumet News of the World
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 7. oktober 1977
Innspelt 1977
Sjanger rock, hardrock
Lengd 2:59
Selskap EMI (UK)
Elektra (US)
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen med hjelp frå Mike «Clay» Stone
Queen-kronologi 
«Long Away»
(1977)
We Are the Champions «Spread Your Wings»
(1978)


«We Are the Champions» er ein song av det britiske rockebandet Queen, først gjeven ut i 1977 på albumet News of the World. Han var skriven av Freddie Mercury og er ein av dei mest populære songane til Queen og ein av dei mest kjende rockeanthemane.

Songen vart ein hit verda over og nådde andreplassen på UK Singles Chart, og fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA. I 2009 vart «We Are the Champions» innlemma i Grammy Hall of Fame, og vart stemma fram som favorittsongen i verda i ei verdsomfattande undersøking i 2005 av Sony Ericsson.

«We Are the Champions» har vorte ein sports-anthem for sigrande lag under idrettsarrangement, og var mellom anna offisiell kjenningsmelodi for fotball-VM 1994. Songen er òg ofte nytta eller referert til i popkulturen og har blitt spelt av mange andre artistar.

Queen-versjonen

Musikk

Songen var skriven av Freddie Mercury med tanke på å få respons frå publikum. Brian May sa: «Me ønskte at publikum skulle vinke og synge. Han er særs samlande og positiv».

Musikalsk er han basert kring pianopartiet til Mercury, medan Roger Taylor og John Deacon spelar trommer og bassgitar. May la til noko gitar, i starten berre subtilt, men etter kvart kjem ein «solo» som vert spelt samstundes med det siste refrenget. Mercury brukte mange jazzakkordar og refrenget består av fire eller fem stemmer med vokalharmoniar. Solovokalen er krevjande, og den høgaste tonen er C5. Ein av dei mest kjende framføringane av songen fann stad under Live Aid-konserten på Wembley Stadium i London i 1985.

B-sida til singelen var «We Will Rock You», og dei to songane følgde kvarandre på albumet, og vart òg ofte spelt etter kvarandre som avslutningsnummer på konsertane til Queen. Stundom vert dei spelt i lag på radio òg. Songen vart framført som avslutningsnummer i 1992 på Freddie Mercury Tribute Concert der alle artistane dukka opp på scenen og song bak solovokalisten Liza Minnelli.

Musikkvideo

Videoen til songen vart filma i New London Theatre Centre den 6. oktober 1977 og vart regissert av Derek Burbridge. Ein alternativ versjon som byrjar i svartkvitt, før han glir over i fargar når trommene og gitaren kjem inn, vart sendt på Top of the Pops 2 og består av andre videoopptak frå den same dagen.

Lister

I 1977–1978 vart «We Are the Champions» gjeven ut på singel i mange land, og nådde andreplassen på UK Singles Chart. fjerdeplassen på Billboard i USA, topp 10 i Irland, Nederland og Noreg, og topp 15 i Tyskland, Austerrike og Sverige.

I 1992, 1993 og 1998 vart singelen gjeven ut på ny i Frankrike, og lågt totalt 45 veker inne på singellista der, og nådde høvesvis 19., 14. og 10. plass, siste gongen under fotball-VM 1998.

Medverkande

Innhald

    7" single (1977)
  1. «We Are the Champions» – 3:00
  2. – 2:00
    3" CD-singel (1988)
  1. «We Are the Champions» – 3:02
  2. – 2:02
  3. «Fat Bottomed Girls» – 3:23

    CD-singel (1992)
  1. «We Are the Champions» – 2:59
  2. «We Will Rock You / We Are the Champions» – 5:00

Lister og salstrofé

Vekeslister

Liste (1977–78) Plassering
Australia KMR 8
Den austerrikske singellista 12
Canadian RPM Top Singles 3
Nederlandsk Topp 40 2
Den tyske singellista 13
Irish Singles Chart 3
VG-lista 6
Sverige 14
UK Singles Chart 2
US Billboard Hot 100 4
Liste (1993/94) Plassering
Nederlandsk Mega Top 100 27
Den franske singellista 14
Liste (1998) Plassering
Den franske singellista 10
Liste (2006) Plassering
US Billboard Hot Digital Songs 61

Årslister

Liste (1978) Rank
Australia 57
Den austerrikske singellista 25
Canadian Top Singles 27
U.S. Billboard Hot 100 25
Liste (1998) Plassering
Den franske singellista 72

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP) Gull + Gold 874,000
Storbritannia (BPI) Gull 500 000^
USA (RIAA) 2× Platina + Platina 4,000,000^
Totalt sal: 5,374,000

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Crazy Frog-versjon

We Are the Champions (Ding a Dang Dong)
Singel av Crazy Frog
frå albumet Crazy Frog Presents More Crazy Hits
Språk engelsk
Utgjeve 5. juni 2006
Innspelt 2005
Sjanger Dance, electronica
Lengd 3:03
Selskap Ministry of Sound
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Produsent Erik Wernquist
Crazy Frog-kronologi 
«Jingle Bells/U Can't Touch This»
(2005)
We Are the Champions (Ding a Dang Dong) «Last Christmas»
(2006)


«We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» er ein song frå 2006 av Crazy Frog, inspirert av Queen sin versjon. Han vart gjeven ut som singel den 5. juni 2006. Samstundes vart det gjeve ut ein coverversjon av Queen sin song med same namn, i samband med fotball-VM . Vokalarrangementet inneheld ein sampling frå originalutgåva til Queen.

Singelen hadde størst suksess i Frankrike, der han gjekk rett inn på førsteplassen den 10. juni 2006, og låg på toppen i fem veker. Singelen selde til gullplate i Frankrike etter to månader, og vart den 15. bestseljande singelen i landet det året.

Innhald

    CD-singel
  1. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (radio edit) – 2:57
  2. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix) – 5:49
    Maxi-singel
  1. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (radio edit) – 2:57
  2. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (house mix) – 6:04
  3. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix) – 5:51
  4. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix dub) – 5:17
  5. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (video)

Salstrofé og lister

Land Salstrofé Dato Grense Fysisk sal
Belgia Gull 9. september 2006 20 000
Frankrike Gull 30. august 2006 200 000 205 908

Lister

Liste (2006) Plassering
Australia 13
Den austerrikske singellista 4
Belgia (Flandern) 10
Belgia (Wallonia) 2
Den danske singellista 3
Nederlandsk Mega Top 100 100
Eurochart Hot 100 2
Den finske singellista 10
Den franske singellista 1
Den tyske singellista 10
Irish IRMA Singles Chart 23
Den italienske singellista 13
New Zealand RIANZ 20
Den spanske singellista 2
Den svenske singellista 11
Den sveitsiske singellista 5
UK Singles Chart 11

Årsliste (2006) Plassering
Den austerrikske singellista 44
Belgia (Flandern) 36
Belgia (Wallonia) 12
Den franske singellista 15

Andre versjonar og samplingar

Live-versjonar

Forsking som er publisert av The Daily Mail

I 2011 skreiv The Daily Mail om at ei gruppe forskarar kåra songen til den mest fengande i popmusikkhistoria; Artikkelen nemnde ikkje namnet på forskarane eller namnet på forskergruppa.

I 2011 konkluderte ei gruppe forskarar at songen var den mest fengande i popmusikkhistoria, trass i at han ikkje hadde nådd toppen av salslistene nokon stad. Dr. Daniel Mullensiefen sa om studiet, «Alle musikalske hittar baserer seg på matte, vitskap, lydteknikk og teknologi; frå fysikken og frekvensane i lyden som avgjer tonehøgd og harmoni, til dei høgteknologiske digitale prosessorane og synthesizerane som kan legge til effektar for å gjere songen meir fengande. Me oppdaga at det finst ein vitskap bak allsongen og spesielle kombinasjonar av nevrologi, matte og kognitiv psykologi kan produsere ein unngåande elliksir av den perfekte allsong-songen.»

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

We Are The Champions Queen-versjonenWe Are The Champions Crazy Frog-versjonWe Are The Champions Andre versjonar og samplingarWe Are The Champions Forsking som er publisert av The Daily MailWe Are The Champions KjelderWe Are The Champions BakgrunnsstoffWe Are The ChampionsWe Will Rock You

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Elvis PresleyKunsteventyrNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»Petter WavoldSkulderbladIndiaFinnøyBjørnGoogle MapsForsikringJohannes BarstadMalignitetOrElectrolux AssistentNaturEkstremvêret KristinJordskorpeplateJernBilbaoKonkursHelheimAnders Behring BreivikFugløyaVolda kommuneÅrBlåmann BarnebokklubbTyngdeakselerasjonLatin-AmerikaIALA maritime bøyesystemRådyrRubjerg Knude FyrIngvild KjerkolPlaneten JupiterKyle WalkerLofotenDurgaKjempeviseslåttenRegnskogen i AmazonasDUF-nummerOSI-modellenPer HenriksenApeCowboy-LailaErling SteinveggDet russiske alfabetetAustraliaAdolf HitlerRoald AmundsenMusikalEmma WatsonSunnmøreTommeNew York byPink FloydIndre AgderOslo kommuneKvalsundskipetPronomen«Tirpitz» i ÅsenfjordenSluddGalenosAgnetha FältskogAC/DCHalsnøyAudun LysbakkenDompapGoogleSlapsKrøllalfaHeilagdagkaktusBlåIltalehtiParagrafDioksin og dioksinliknande sambindingarParlamentarismeCountry🡆 More