Queen Ii: Studioalbum av Queen

Queen II er det andre studioalbumet til den britiske rockegruppa Queen, gjeve ut den 8.

Queen II
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 8. mars 1974
Innspelt August 1973 i Trident Studios i London
Sjanger
Lengd 40:42
Selskap Parlophone (Europe), Elektra (US), EMI (UK)
Produsent Roy Thomas Baker, Robin Geoffrey Cable, Queen
Queen-kronologi 
Queen
(1973)
Queen II Sheer Heart Attack
(1974)
Singlar frå Queen II
  1. «Seven Seas of Rhye»
    Utgjeve: 23. februar 1974

mars 1974. Det vart spelt inn i Trident Studios i London i august 1973 med produsentane Roy Thomas Baker og Robin Cable, og Mike Stone som lydteknikar. Albumet er kjend for ein kombinasjon av heavy metal og kunstrock. Det har blitt kalla «ei søyle av grandios, hardtslåande hardrock» av Rock and Roll Hall of Fame.

Queen II er ikkje eit konseptalbum, men ei samling av songar me eit laust tema som går att gjennom dei. Dei to sidene av den originale plata vart kalla «Side White» og «Side Black» (i staden for side «1» og «2» som vanleg), med samsvarande bilete av bandet kledde i kvitt eller i svart på kvar side av etiketten på plata. Den kvite sida har songar med meir kjenslemessige tema, medan den svarte sida er berre om fantasi, ofte med ganske mørke tema. Fotografiet til Mick Rock på plateomslaget vart ofte nytta om att av bandet i karrieren, mellom anna i musikkvideoane til songane «Bohemian Rhapsody» (1975) og «One Vision» (1985).

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut og Queen II er framleis eit av dei minst kjende albuma til bandet. Likevel har det ein hard tilhengjarskare og har blitt hylla av musikarar som Axl Rose, Steve Vai og Billy Corgan, og er kjend for å vere det første albumet som inneheld element av signaturlyden til bandet med lag på lag av lyd, vokalharmoniar og variert musikalsk stil.

Bakgrunn og innspeling

«Led Zeppelin og The Who er truleg i Queen II ein stad, fordi dei var blant favorittgruppene våre, men me prøvde å gjere noko anna, denne lagdelte lyden. The Who hadde ein open akkordgitarlyd... men vår lyd er meir basert på overdriven gitarlyd. Eg ønskte å byggje opp teksturar bak melodilinjene. Med prøvde å presse studioteknikkane til ei ny grense for rockeband - det oppfylte alle draumane våre, fordi me hadde ikkje høve til å gjere det på det første albumet.»

 —Brian May om Queen II og lyden til bandet.

Etter debutalbumet Queen vart spelt inn og miksa mot slutten av november 1972, la Queen ut på turné for å marknadsføre det. Mangement-problem førte til at albumet måtte gjevast ut på det sjølvstendige selskapet til Trident, men først åtte månader etter albumet var ferdig innspelt. I løpet av denne tida skreiv Queen nye songar og ønskte å gå i studio. Fleire nye songar vart skrivne like etter det første albumet, og somme er datert enno tidlegare. «See What A Fool I've Been» var att etter dagane med Smile. «Ogre Battle» vart skriven under innspelinga av debutalbumet, det same var «Father To Son», men bandet valde å vente med å spele inn desse til dei hadde meir fridom i studio.

I august 1973 var bandet attende i Trident Studios, og fekk no lov å booke meir høvelege timar der, no når dei alt hadde eit album under beltet. For det som generelt vert rekna som eit komplekst album (med lagdelt vokal, harmoniar og instrument), vart det spelt inn på særs kort tid - berre ein månad. Ein full versjon av «Seven Seas of Rhye» vart spelt inn, men det var ikkje planlagt at denne skulle bli ein singel frå albumet. Etter at «Keep Yourself Alive», den første singelen deira frå det første albumet, selde dårleg, meinte Queen at dei trengde ein singel som ikkje tok så lang tid å kome i gang. Så Queen og Baker sikra seg at «Rhye» byrja på ein måte som greip folk med ein gong. Mercury var lidenskapleg oppteken av mytologi og kunst, og Richard Dadd-måleriet «The Fairy Feller's Master-Stroke» (som i dag heng i Tate Gallery) tende kreativiteten hans.

Rockefotografen Mick Rock fekk jobben med å ta fotografi til plateomslaget. Biletet av Queen som vert nytta på framsida har blitt eit av dei mest ikoniske bileta av bandet, og dei gjekk attende til dette bilete i musikkvideoen til «Bohemian Rhapsody». Robin Cable, som Mercury hadde arbeidd med under «I Can Hear Music»-innspelinga, vart henta inn for å reprodusere produksjonstilen til Phil Spector på «Funny How Love Is».

Den kvite sida er variert: Fire av dei fem songane var skrivne av Brian May, der ein er instrumental, ein sungen av Freddie Mercury og Roger Taylor (med May på piano), den neste sungen av Mercury, og den siste av May. Den siste songen på den kvite sida er den einaste Taylor-songen på albumet, som han òg syng. John Deacon spelte akustisk gitar på «Father to Son» i tillegg til bassgitar.

Freddie Mercury skreiv alle songane på den svarte sida, og spelte piano og cembalo og song med ein særs variert vokal.

Plateomslag

Queen II-omslaget består av eit fotografi teken av Mick Rock og vart av VH1 skildra som «Queen står i ein diamantformasjon, hovuda bøygd bakover som statuane på Påskeøya» mot ein svart bakgrunn. Bandet hadde hyrt inn Rock fordi dei ønskte å «ta noko av den dekadente 'glam'-kjensla» frå arbeidet hans med artistar som David Bowie, Iggy Pop og Lou Reed. Rock fekk beskjed frå Queen om å lage eit svart- og kvitt tema for Queen II. Rock sa at gruppa var på utkikk etter noko som kunne fange merksemda til folk med omslaget, særleg sidan det første albumet hadde mislukkast med dette. «Dei forstod at om du fangar merksemda til folk med augo deira, så kan du få dei interessert i musikken din». Rock skildra det som «ein slags etterlikning av eit gammalt Marlene Dietrich-bilete», og fotografen var inspirert av eit stillbilete av skodespelarrinna frå filmen Shanghai Express frå 1932. «Og sjølvsagt, ingen var nokon gong meir 'glam' enn den guddommelege Ms Dietrich», sa Rock.

Sjølv om bandet nesten avviste fotografiet, fordi dei synest det var for pretensiøst, klarte Rock å overtyde dei om nytte biletet. «Det fekk dei til å sjå ut som mykje større stjerner enn dei var på den tida, men det var ein sann refleksjon av musikken deira». Biletet vart nytta om att i musikkvideoen til «Bohemian Rhapsody» i 1975 og «One Vision» (1985).

Utgjeving og mottaking

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicQueen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking 
Chicago TribuneQueen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking 
CreemC−
Encyclopedia of Popular MusicQueen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking 
Pitchfork Media7.9/10
PopMatters7/10
QQueen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking 
Record CollectorQueen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking 
Rolling StoneQueen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking 
The Rolling Stone Album GuideQueen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking 

Då albumet var ferdig mot slutten av august 1973, la Queen «Ogre Battle», «Procession» og «Father to Son» til konsertane sine og turnerte mykje. Nok ein gong forseinka Trident utgjevinga av albumet, sidan det første albumet til Queen nettopp hadde kome ut i Storbritannia, og ikkje ein gong kome ut i USA enno. Fleire andre problem oppstod kring utgjevinga av albumet. Albumet var ferdig samstundes med oljekrisa i 1973, og dei statlege energibevaringstiltaka gjorde at albumet ikkje kunne trykkast på fleire månader.

«Med tanke på mishandlinga me har hatt i det siste, er eg overraska over at det nye albumet har gjort det så bra. Eg tenkjer at publikum rett og slett likar bandet... me hadde så mykje trøbbel med det albumet, kanskje for mykje, men då det var ferdig var me verkeleg stolte. Det fekk derimot dårleg kritikk, så eg tok det heim og lytta på det igjen og tenkte 'Herregud, har dei rett?' Men etter å ha høyrt det eit par veker seinare likar eg det framleis. Eg syns det er flott. Me held oss fast til det.»

 —Roger Taylor om kritikarane sin reaksjon til Queen II.

Queen II fekk blanda mottaking då det kom ut. Disc skreiv «Materialet, framføringa, innspelinga og til og med omslaget har særs høg standard.» NME meinte at plata synte «all krafta og drivet deira, låtskrivartalenta deira, og kvar kvalitet som gjer dei unike,» medan Sounds skreiv, «Berre kalla Queen II, fangar dette albumet dei i den finaste stunda deira.» Rolling Stone gav albumet to og ei halv stjerne av fem. Magasinet var lite entusiastiske overfor den svarte sida, men applauderte den kvite sida, og skreiv at han inneheld «forsonande trekk av presise og velvalde power-akkordar og nokre ganske så fine melodiar.»

Melody Maker hadde få lovord om albumet, og skriv «Ein meiner at Queen har hatt noko suksess i Statane, og dei er for tida på vippepunktet om dei verkeleg vil slå gjennom her eller ikkje. Om dei slår gjennom så skal eg ete hatten min eller noko slikt. Kanskje Queen prøver for hardt. Lyden manglar djupne og kjensle.» Record Mirror var heller ikkje nøgd og skriv «Dette er det, den siste resten av glamrock. Svakt og overprodusert. Om dette bandet er det største håpet vårt for framtida, så begår me rock and roll-sjølvmord.» Robert Christgau håna albumet i magasinet Creem og kalla det «wimpoid royaloid heavyoid android void.»

Queen II kom ut i Storbritannia den 8. mars 1974. Albumet gjekk inn på den britiske albumlista og nådde ein femteplass. Det nådde 49. plassen i USA, ein god del høgare enn debutalbumet Queen, som stoppa på 83. plassen. Den einaste singelen frå Queen II, «Seven Seas of Rhye» (gjeve ut i februar 1974) nådde 10. plassen på UK Singles Chart, og gav bandet den første hitten deira.

Ettermæle

Då 1974 nærma seg slutten, hadde publikum teke i mot Queen II på entusiastisk vis. Albumet vart rangert av Disc som det femte beste det året. Sjølv om albumet er av dei mindre kjende verka til bandet, har det fått ein tilhengjarskare og i nyar eår blitt sitert i mange musikkpublikuasjonar, andre artistar og fans som eit av dei beste verka til Queen. I 1987 rangerte Post-Tribune Queen II på niandeplassen i ein artikkel som omhandla «album som burde vere i alle sine platesamlingar, men som ikkje er det.» I 1994-utgåva av The Guinness All Time Top 1000 Albums vart Queen II rangert på 202. plassen over dei beste rock- og popalbuma gjennom tidene. I 2003 hadde magasinet Q Queen II på ei liste over femti lite kjende album som var tilrådd av magasinet i samband med rundspørjinga for å finne dei 50 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2005 rangerte lesarane til Kerrang! Queen II som det 72. beste britiske rockealbumet gjennom tidene. I 2006 var albumet nemnt i Classic Rock og Metal Hammer si liste over dei 200 beste albuma frå 1970-åra og i lag med Sheer Heart Attack nemnt som eit av dei 20 beste albuma frå 1974. I 2008 kåra IGN Music Queen II som eit av ti klassiske glamrockalbum og skriv «Queen gav glam ein større, meir anthemisk lyd med dette glitrande opuset. Kombinasjonen av det undervurderte klaverarbeidet til Freddie Mercury, dei ringande soloane og primitive riffa til Brian May skapar eit bakteppe for songar som i tur og orden var rasande og elegant.» I 2010 rangerte Mojo Queen II som det 60. beste albumet gjennom tidene frå Elektra Records. I lag med Queen-albuma Sheer Heart Attack og A Night at the Opera var Queen II med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, der det er skildra som «eit distinkt, mørkt album»som «syner mangfaldet deira,» og står i kontrast til dei seinare «ekspansive, stadiovennlege songane.»

AllMusic gav plata 4/5 stjerner og sa, «Queen er samanrulla, spent og vond her, og leverer si naturlege kjensle for drama og det gjev Queen II verkeleg kraft som musikk, i tillegg til ein verkeleg samhøyr». Meldinga nemnte den tunge musikken og sa «dette kjennest aldri så fantasi-aktig som Genesis eller Uriah Heep», og konkluderte med at «Queen II er ein favoritt hos den harde tilhengjarskaren». Pitchfork gav albumet 7.8/10, og skreiv, «Svimlande, overfylt, og urokkeleg, Queen II er ein favoritt hos dei største tilhengjarane, og er utan tvil den mest undervurderte plata deira.» I 2009, publiserte The Quietus ein artikkel som trakk fram Queen sin «mindre kjende stordom» i samband med utgjevinga av Absolute Greatest, og skildra Queen II som «ei absolutt brennheit plate» med to av dei beste songane til bandet: «Ogre Battle» og «Father to Son».

«Eg trur ikkje det er sagt nok om kor glimrande gitarspelinga til Brian May er, fordi han vart overskugga av musikken i seg sjølv. Queen II var eit av dei viktige augneblikka som spikra meg til veggen.»

 —Steve Vai.

Albumet har òg fått yngre fans. I eit intervju med Rolling Stone i 1989 sa frontmannen i Guns N' Roses, Axl Rose, om albumet. «Hos Queen har eg ein favoritt: Queen II. Når det nyaste albumet deira kom ut og det var all slags musikk på det, så likte eg først berre denne songen eller den songen. Men etter ei tid når eg hadde lytta til plata, så opna det sinnet mitt opp for så mange forskjellige stilar. Eg likte verkeleg det med dei. Det er noko eg alltid har hatt lyst å få til». Smashing Pumpkins-frontmannen Billy Corgan sa til Melody Maker i august 1993 om «platene som endra livet hans» og sa, «Eg arbeidde i ein platebutikk der me hadde mange gamle plater, og eg fann Queen II, kanskje det minst populære albumet deira. Det var så over kanten, så mange lag med vokal- og gitarspor - totalt Queen-overlast. Eg elska det. Eg elska dei kjølige, rare, fleirtydige songane om seksualiteten til Freddie og overgangane frå heavy til vakre balladar.»

Innhald

Alle songar på den kvite sida (side ein) er skriven av Brian May utanom «The Loser in the End» av Roger Taylor. Alle songane på den svarte sida (side to) er skriven av Freddie Mercury.

White Side (side ein)
Nr.TittelLengd
1.«Procession» (Instrumental)1:12
2.«Father to Son»6:14
3.«White Queen (As It Began)»4:34
4.«Some Day One Day»4:23
5.«The Loser in the End»4:02
Black Side (side to)
Nr.TittelLengd
1.«Ogre Battle»4:10
2.«The Fairy Feller's Master-Stroke»2:40
3.«Nevermore»1:15
4.«The March of the Black Queen»6:33
5.«Funny How Love Is»2:50
6.«Seven Seas of Rhye»2:50
Bonusspor (1991 Hollywood Records-utgåva)
Nr.TittelLengd
12.«See What a Fool I've Been» (May)4:32
13.«Ogre Battle» (Remix frå 1991)3:27
14.«Seven Seas of Rhye» (Remix frå 1991)6:35
Bonusplate på Universal Records-utgåva frå 2011
Nr.TittelLengd
1.«See What a Fool I've Been» (BBC session, Juli 1973) (remix 2011)4:22
2.«White Queen (As It Began)» (live i Hammersmith Odeon, desember 1975)5:32
3.«Seven Seas of Rhye» (instrumentalmiks)3:09
4.«Nevermore» (BBC session, april 1974)1:27
5.«See What a Fool I've Been» (B-side-versjon, februar 1974)4:31
bonusvideoar frå luksusutgåva på iTunes frå 2011
Nr.TittelLengd
6.«White Queen (As It Began)» (live i The Rainbow '74) 
7.«Seven Seas of Rhye» (live i Wembley Stadium '86) 
8.«Ogre Battle» (live i Hammersmith Odeon '75) 

Songar

Procession

«Procession» er ein kort instrumental (ein sørgemarsj) framført av Brian May med mange lag av gitar. Han spelte inn denne med å spele sin Red Special gjennom John Deacon sin spesiallaga forsterkar (Deacy-forsterkar). Roger Taylor medverkar òg på instrumentalen, men berre med basstrommepedal.

Father to Son

    For meir om dette emnet, sjå Father to Son.

«Father to Son» vat skriven av May og inneheld delar med heavy metal, i tillegg til ei roleg pianoparti, som May spelte. Som det førre nummeret, har «Father to Son» delar der May har lagt lag på lag med gitar gjennom Deacy-forsterkaren. Han er skriven frå synsvinkelen til faren som snakkar om eller tenkjr på sonen sin. Queen la kjapt til «Father to Son» i repertoaret sitt og turnerte mykje, men songen vart droppa frå setlista i 1975.

White Queen (As It Began)

Skriven av mai i 1968, og består av kontrastar mellom akustisk musikk og heavy metal. May forklarte at han fekk ideen til songen medan han las The White Goddess av Robert Graves. Songen var òg personleg viktig for May. Han var inspirert av ein medstudent som han likte godt og tenkte var den «perfekte kvinna». I eit seinare intervju sa han, «eg hugsar eg var fullstendig forelska i denne jenta frå biologiklassen, og eg snakka aldri med ho...eg vart utfordra til å be ho ut, og ho vart ein livsvarig ven, det er veldig rart...».

«White Queen» vart spelt fast på konsertane deira mellom 1974 og 1977, og så ein siste gong i London i 1978.

Songen vart òg framført på BBC i april 1974.

Some Day One Day

Dette er den første songen som er sungen heilt av May på solovokal. Han har May på akustisk gitar og elektrisk gitar og den siste gitarsoloen (under uttoninga) består av tre sologitarar. Denne typen kompliserte gitararrangement er typisk for May. Vanlegvis er gitaren hans i harmoni, men i dette tilfellet spelar gitarane forskjellige partar.

The Loser in the End

«The Loser in the End» var det einaste bidraget til Roger Taylor på albumet som låtskrivar og solovokalist. Den originale handskrivne teksten til songen gjekk nesten tapt i 2004, då det nesten hamna i ein makuleringsmaskin, men er i dag det eldste dømet på ein handskriven tekst i arkivet til Queen.

Ogre Battle

Mercury skreiv «Ogre Battle» på gitar (som stadfesta i May i fleire intervju) i 1972. Bandet ønskte ikkje å spele han inn for det første albumet, og venta heller til dei hadde meir fridom til å spele han inn skikkelig.

Skrika i midten er Mercury sine, og dei høge harmoniane i slutten av refrenget er sungen av Taylor. Som tittelen indikerer, så forte songen soga om eit slag mellom troll (ogre) og inneheld ein gitarsolo av May og lydeffektar som simulerer lyden av eit slag. Songen byrjar med eit baklengs opptak av slutten av songen, inkludert det siste gong-slaget. Dette skapar ei bølgje av lyd i starten.

Dette var ein av dei tyngste Queen-songane. Gitar-riffet og tromminga til Taylor har ein «thrash metal»-stil. Det var lenge ein favoritt på konsertane deira. Songen vart spelt siste gongen på News of the World-turneen i 1977 og på alle konsertane deira fram til det.

Ein annan versjon av «Ogre Battle» finst, spelt inn i desember 1973 for BBC Radio 1-programmet «Sound of the 70s». Denne versjonen startar rett på riffet (utan ein lang intro) og har ingen av effektane frå «Queen II»-versjonen.

Slutten av songen glir inn i det neste sporet.

The Fairy Feller's Master-Stroke

Queen Ii: Bakgrunn og innspeling, Plateomslag, Utgjeving og mottaking 
The Fairy Feller's Master-Stroke av Richard Dadd.

Mercury var inspirert til å skrive «The Fairy Feller's Master-Stroke» etter å ha sett Richard Dadd-måleriet The Fairy Feller's Master-Stroke. For det intrikate arrangementet til studioinnspelinga, spelte Mercury både cembalo og piano, og Roy Thomas Baker spelte kastanjettar. Taylor kalla songen det største stereoeksperimentet til Queen, og refererte til den intrikate bruken av lydpanorering i miksen.

Songen har, som dei fleste på albumet, ein fantasy-tekst frå mellomalderen, og referer direkte til figurar i måleriet, som Queen Mab, Waggoner Will, Tatterdemalion og andre. Når Queen hadde ledig tid, ville Mercury ta bandet med seg til Tate Gallery i London, der måleriet var og framleis er i dag.

Det komplekse arrangementet er basert på eit akkompagnement av piano, bassgitar og trommer, men inkluderte òg cembalo og mange lag av vokal og gitar. Teksten følgjer den klaustrofobiske kjensla i måleriet, og kvar av scenene vert skildra.

Songen vart berre framført nokre få gonger på Queen II-turneen. I 2014 kom eit konsertopptak av songen ut på Live at the Rainbow '74.

Nevermore

Den førre songen endar med ein tredelt vokalharoni frå May, Mercury og Taylor som flyt inn i pianoet til Mercury. Dette pianoet fører til opninga av denne songen, som gjer «Ogre Battle,» «The Fairy Feller's Master-Stroke» og dette sporet til ein suite. Alle vokalpartia vart sungen av Mercury, som la nokre moderne «ring»-effektar på pianoet. Mange trudde desse effektane var synthesizerar, men dei vart skapt med å klimpre på pianostrengane, medan Mercury spelte notane. «Nevermore» er ein kort ballade om kjenslene etter hjartesorg.

The March of the Black Queen

Mercury komponerte songen i 1973, og songen er ein av to Queen-songar (den andre er Bohemian Rhapsody) med polyrytme (to forskjellige tempo samstundes, 8/8 og 12/8) og ein enklare polyrytme kring slutten av den livlege delen, som er sjeldan i popmusikk. Solovokal dekkjr to og ein halv oktav (G2 - C5).

Heile stykket var for komplisert å framførre live av bandet, men den livlege delen med linjene «My life is in your hands, I'll foe and I'll fie...» etc. var stundom med i ein medley, med vokal av Mercury og Taylor, i 1970-åra.

Songen glir over i det neste sporet, «Funny How Love Is». Denne songen endar med ein stigande note-progressjon, som endar i eit klimaks som går inn i det første sekundet på den neste songen.

Funny How Love Is

«Funny How Love Is» vart skapt i studio. Mercury skreiv songen og spelte piano, medan Robin Cable produserte. Han vart produsert med ein «wall of sound»-teknikk. Songen er skriven i C-dur, som går opp frå ein e-moll-akkord (i «The March of the Black Queen») til ein C-akkord i denne songen. Songen vart aldri spelt på konsertar, mellom anna på grunn av den lyse vokalen til Mercury gjennom songen.

Seven Seas of Rhye

«Seven Seas of Rhye» var halvskriven under innspelinga av det første Queen-albumet, så det vart teken med eit kort klipp av han der. Då Queen gjorde songen ferdig, enda han opp som ganske annleis slik dei først så han for seg. Han vart den første hitsingelen til bandet, og nådde tiandeplassen på den britiske singellista.

Songen handlar, som mange av songane på albumet, og på Queen og Sheer Heart Attack, om ei fantasiverd kalla Rhye. Songen vart ein konsertfavoritt gjennom heile karrieren til Queen. Han har ein særeigen pianointro spelt som arpeggio. På Queen II vert desse arpeggioane spelt med både høgre- og venstrehanda på pianoet, ein oktav mellom, medan han på Queen-innspelinga og dei fleste konsertopptaka vert spelt med berre ei hand. Temaet dukkar òg opp i slutten på «It's a Beautiful Day (reprise)» på albumet Made In Heaven. Denne versjonen endar i ei krysstoning, instrumenta blandar seg inn i ein allsong-aktig versjon av «I Do Like to Be Beside the Seaside».

Dei sju hava i Rhye vert òg nemnt i ein annan Queen-song, «Lily of the Valley» frå Sheer Heart Attack; i tekstlinja «Messenger from Seven Seas has flown/To tell the king of Rhye he's lost his throne».

Medverkande

    Andre medverkande
    Produksjon
  • Alle songar produsert av Queen og Roy Thomas Baker utanom:
    • «Nevermore» og «Funny How Love Is» – Robin Cable og Queen
    • «The March of the Black Queen» – Baker, Cable og Queen

Lister og salstrofé

Lister

Liste (1974) Plassering
Canadian Albums Chart 40
Noreg 19
UK Albums Chart 5
US Billboard 200 49

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Polen(ZPAV)
2009 Agora SA album reissue
Platina 20 000*
USA (RIAA) Gull 500 000^
Storbritannia (BPI) Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Queen Ii Bakgrunn og innspelingQueen Ii PlateomslagQueen Ii Utgjeving og mottakingQueen Ii EttermæleQueen Ii InnhaldQueen Ii SongarQueen Ii MedverkandeQueen Ii Lister og salstroféQueen Ii KjelderQueen Ii BakgrunnsstoffQueen IiHardrockKunstrockQueenRock and Roll Hall of FameRoy Thomas BakerTrident Studios

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RefraksjonAfghanistanKinas kommunistpartiSusanne SundførBon Iver, Bon IverTeknologiLinerleDei sameinte arabiske emirataSkjoldbruskkjertelenIsbrePeter F. WolfTatjana TomasjovaOlga DanilovaSionist2024DomenetapHalloEddie MurphyTidvatnBobby BareAlaskaKjerringJaroslav SakalaGrenadaSkigardsviseKristiansund BallklubbCotopaxiTherese BjørneboeMesopotamiaSamisk kulturHannoverMesonOsteoporoseLonely and BlueI Dovregubbens hallTsjekkoslovakiaRagnhild BrochmannTorremolinosSystem of a DownNero av Romarriket157MoteKaspihavetMiddelhavetVinter-OL 1968A4BerlinblokadenJohn P. HammondOdinFilmen Land og fridomTsjekkiaHerbert HooverWattensErik AndersenGezer regionale kommuneForelskingZoologiISO 4217MogopKvigeKvartalTilsynelatande storleiksklasseBuMozilla FirefoxSvartehavetJesusAlbert GleizesCanon EOS 250DFree Fallin'Jean-Claude JunckerVinter-OL 1988Tidslinje over norsk historiePandaTuvinsk🡆 More