The Freddie Mercury Tribute Concert for Aids Awareness var ein konsert halde 2.
påskedag">2. påskedag, 20. april 1992 på Wembley Stadium i London, føre eit publikum på 72 000. Konserten vart produsert for fjernsyn av Ray Burdis og sendt direkte på fjernsyn og radio i 76 land verda over, for eit samla publikum på ein milliard. Konserten var ei hyllest til Queen-vokalisten Freddie Mercury og inntektene gjekk til AIDS-forsking. Showet var den siste heile konserten bassisten John Deacon spelte med Queen (utanom to korte framføringa med Brian May, Roger Taylor og Elton John i 1997). Inntektene til konserten var med å starte The Mercury Phoenix Trust, ein veldedig AIDS-organisasjon.
Etter at Freddie Mercury døydde 24. november 1991 frå lungebetennelse han fekk som følgje av AIDS, kom dei attverande medlemmane i Queen (John Deacon, Brian May og Roger Taylor) i lag med manageren sin, Jim Beach, for å organisere ein konsert for å feire livet til Mercury, og få inn pengar til forsking og for å auke kunnskapen om AIDS hos folk. I februar 1992, under den årlege BRIT Awards-seremonien, annonserte May og Taylor planane om konserten. Då billettane vart lagt ut for sal, vart alle dei 72 000 billettane selde ut på berre tre timar, sjølv om ingen andre artistar enn Queen var annonsert.
«God kveld Wembley og verda. Me er her i kveld for å feire livet, arbeidet og draumane til Freddie Mercury.
Me skal gje han den største avskjedsgåva i historia!»
Konserten opna med ei melding frå dei tre attverande medlemmane i Queen i ei hyllest til Mercury. Musikken sette så i gang med korte sett frå band som var påverka av musikken til Queen, inkludert Metallica, Extreme (som spelte ein Queen-medley), Def Leppard (som tok med seg Brian May på scenen for ein versjon av «Now I'm Here») og Guns N' Roses. Mellom banda vart det vist videoklipp som æra Freddie Mercury, medan scenearbeidarane gjorde klart for neste artist.
Den andre halvdelen av konserten bestod av dei tre attverande Queen-medlemmane – John Deacon (på bass), Brian May (på gitar) og Roger Taylor (på trommer) – i lag med gjestesongarar og gitaristar, som Elton John, Roger Daltrey (frå The Who), Tony Iommi (frå Black Sabbath), David Bowie, Mick Ronson (frå Spiders from Mars), James Hetfield (frå Metallica), George Michael, Seal, Paul Young, Annie Lennox, Lisa Stansfield, Robert Plant (frå Led Zeppelin), Joe Elliott og Phil Collen (frå Def Leppard), Axl Rose og Slash (frå Guns N' Roses), Liza Minnelli og andre. Dette var det andre høgprofilerte prosjektet med både Elton John og George Michael på like mange år. Året før hadde dei arbeidd i lag på ein konsert på John-songen «Don't Let the Sun Go Down on Me». Via satelitt frå Sacramento i California, dediserte U2 framføringa si av «Until the End of the World» til Mercury.
Konserten vart opphavleg gjeven ut på VHS, men på grunn av tidsavgrensing vart «Love of My Life» og «More Than Words» av Extreme, «Animal» og «Let's Get Rocked» av Def Leppard, Spinal Tap sin «The Majesty of Rock», U2 sin «Until The End of the World», Mango Groove sin «Special Star» og Robert Plant-versjonen av «Innuendo» vart fjerna i den originale utgjevinga. Den amerikanske utgåva hadde heller ikkje med Bob Geldof sin «Too Late God», og Zucchero Fornaciari sin «Las Palabras de Amor».
I april 2002 vart konserten gjeven ut på DVD og nådde toppen av den britiske salslista. «Innuendo» var ikkje med på DVDen, sidan Robert Plant ikkje ønskte dette. I tillegg hadde det opphavlege 4:3-formatet blitt omgjort til widescreen.
Ein EP av George Michael sine songar med Queen vart gjeve ut som Five Live i april 1993. Denne gjekk inn på toppen av den britiske singellista. Dei tre songane Metallica spelte vart gjeve ut på turnéutgåva av singelen «Nothing Else Matters», kalla «Live at Wembley Stadium» og gjeve ut i Europa berre ei veke etter konserten, den 27. april 1992. I tillegg vart Guns N' Roses si utgåve av «Knockin' on Heaven's Door» gjeve ut i august 1992 som ei dobbel A-side med den originale studioinnspelinga deira av songen. Denne gjekk til andreplassen på den britiske singellista.
I september 2013 kom konserten ut på ny DVD og Blu-Ray.
Queen vart akkompagnert av følgjande musikarar:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article The Freddie Mercury Tribute Concert, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.