«Fader vår» (latin Pater noster) eller «Herrens bøn» er ei av dei mest sentrale kristne bønene; det var denne bøna Jesus lærte disiplane.
Ho finst i to ulike versjonar, Matt. 6:9–13 og Luk. 11:2–4. Versjonen frå Matteusevangeliet er den som blir nytta mest.
Fadervåret er ein del av Jesu bergpreike. Bøna er vend til «Vår Far i himmelen», og sett saman av sju bøner; tre som gjeld tilhøvet mellom Gud og menneskja, fire som gjeld tilhøvet mellom menneske. Avslutninga («For riket er ditt» o.s.v.) er ikkje med i dei eldste handskriftene, og vart truleg lagd til då bøna vart nytta i gudstenesta. Ho kan vere henta frå ei lovprising som i følgje 1. Krønikebok 29,1 vart nytta av kong David.
I den kristne gudstenesta inngår fadervåret som ein del av liturgien ved dåp og nattverd. Om det ikkje er dåp eller nattverd, vil liturgen avslutte kyrkjebøna med å be «Fader vår». Tekstgrunnlaget kan i Den norske kyrkja vere preiketekst femte sundag etter påske.
I Den norske kyrkja avgjer soknerådet om kyrkjelyden skal nytte omsetjinga frå 1985 eller 2011. Det er også høve til å bruka Fadervår etter 1920-liturgien.
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.
Fader vår, du som er i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
FADER VAAR, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast;
lat riket ditt koma;
lat viljen din raada paa jordi som i himmelen;
gjev oss i dag vaart daglege brød;
og forlat oss vaar skuld, som me og forlet vaare skuldmenn;
og før oss ikkje ut i freisting;
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og magti og æra i all æva!
Amen
Fader vaar, du som er i himlom!
Ditt namn verte helgat!
Ditt rike kome!
Din vilje verte, som i himmelen, so og på jordi!
Giv oss i dag vaart daglege braud!
Og forlat oss vaar skuld, som og me forlata vaare skuldmenner!
Og før oss ikkje inn i freisting!
Men frels oss fraa det vonde!
Amen.
Fader vaar, du som er i Himlom.
Helgat verde ditt Namn.
Tilkome ditt Rike.
Verde din Vilje paa Jordi som i Himmelen.
Giv oss i Dag vaart daglege Braud.
Og forlat oss vaar Skuld, so som me og forlata vaare Skuldmenner.
Og leid oss inkje i Freisting.
Men frels oss fraa det vonde.
Amen.
Faðir várr sá ert á himnum,
helgist nafn þitt,
til komi ríki þitt,
verði vili þinn svá sem á himni, svá ok á jǫrðu,
brauð várt hversdagligt gef þú oss í dag,
fyrirgef þú oss sakir várar, svá sem ok vér fyrirgefum skuldurum várum,
ok eigi leiðir þú oss í freistni,
heldr leys þú oss frá illu!
Pater noster, qui es in cælis
sanctificétur nomen tuum;
Advéniat regnum tuum, fiat volúntas tua,
sicut in cælo et in terra.
Panem nostrum quotidiánum da nobis hódie;
et dimítte nobis débita nostra, sícut et nos dimíttimus debitóribus nostris.
Et ne nos indúcas in tentatiónem;
sed líbera nos a malo.
Ved kongeleg resolusjon av 25. juli 1891 vart Blix si utgåve av Luthers katekisme på landsmål tilllaten brukt i den offentlege norske skolen.
I 1908 vart Hognestad si omsetjing av Altarboka autorisert. Teksten ovanfor er henta frå Utdrag or altarboki, Kristiania 1920.
I 2006 brukte kyrkjelyder med nynorsk liturgi i hovudsak omsetjinga slik ho lyder på nr 950 i nynorskutgåva av Norsk Salmebok frå 1985.
Den norrøne teksten er henta frå Eskeland og Liestøl: Gammalnorsk, Oslo 1965. Den latinske teksten er henta frå Lov Herren Katolsk salmebok, Oslo 2000.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fader vår, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.