Elton John

Reginald Kenneth Dwight, CBE (fødd 25.

    Denne artikkelen handlar om den engelsk songaren og musikaren. For det sjølvtitulerte albumet, sjå Elton John av Elton John.

mars">25. mars 1947), mest kjend som Elton John, er ein engelsk songar, låtskrivar og pianist. Han har arbeidt med låtskrivaren Bernie Taupin sidan 1967, og dei to står bak over 30 album. John har selt over 550 millionar album, noko som gjer han til ein av dei mest suksessrike artistane gjennom tidene. Singelen hans «Candle in the Wind 1997» selte over 33 millionar eksemplar verda over, og er den mest selde singelen på Billboard-lista. Han har vunne fleire prisar, mellom anna seks grammyprisar.

Elton John
Elton John
Elton John i juli 2008
Fødd25. mars 1947 (77 år)
Pinner i Middlesex i England
FødestadPinner
FødenamnReginald Kenneth Dwight
AliasElton John
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–68 (Bluesology)
1969 til i dag (solo)
SjangerPop, softrock, glamrock
Instrumentvokal, piano, keyboard
Stemmetypetenor
PlateselskapDJM Records
Polydor Records
MCA Records
Rocket Records
Island Records
Geffen Records
Uni Records
Mercury Records
Verka somMusikar, songar, låtskrivar, pianist, produsent
MorSheila Eileen Farebrother
FarStanley Dwight
Gift medRenate Blauel, David Furnish
PrisarOfficier des Arts et des Lettres, kommandør i den britiske imperieorden, Grammy Legend Award, MusiCares Person of the Year, Rock and Roll Hall of Fame, Silver Clef Award, Kennedy Center Honors, Disney Legends, Johnny Mercer Award, Companion of Honour, Oscar for beste sang, Golden Globe Award for Best Original Song, Crystal Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Ridder av Æreslegionen, Grammy Award, Tony-prisen for beste originalmusikk, Order of the Companions of Honour, Knight Bachelor, Officier des Arts et des Lettres, National Humanities Medal, Drama League Award, Den britiske imperieordenen, Ordre des Arts et des Lettres, Golden Globe, Oscar-prisen, Gershwin Prize

I 2004 plasserte Rolling Stone han som nummer 49 på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene. Elton John vart innlema i Rock and Roll Hall of Fame i 1994. Han har også fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Liv og virke

Tidleg liv

Elton John var fødd i Middlesex i England, foreldra hans var Stanley og Sheila Dwight. John vart oppkalla etter onkelen sin og fekk namnet Reginald Kenneth Dwight. Faren var mykje borte, og John budde det meste av oppveksten saman med mora, bestemora og tanta si. Foreldra skilde lag i 1961, og mora gifta seg seinare med Fred Farebrother i 1971. Sheila og Fred Farebrother flytta inn i ei leilegheit i Northwood Hills i utkanten av London. Seinare delte John og Bernie Taupin rom i leilegheita.

Tidleg karriere

Duoen var inspirert til å lage ein song til Eurovision Song Contest i 1969. Ein av seks songar skulle plukkast ut til å representere England i den internasjonale finalen. Songen «I Can't Go on Living Without You» vart ikkje vald ut som England sitt bidrag. I staden gjekk John i studio og fullførte innspelingane til sitt første album Empty Sky.

Empty Sky kom ut i 1969 hadde John allereie gjeve ut nokre singlar, «Lady Samantha» med «All Across The Havens» som B-side. Akkurat denne singelen var den første som tiltrakk noka nemneverdig merksemd, og han frekventerte radiostasjonane ei tid.

1970–1976

Mot slutten av 1970 hadde Elton John berre såvidt byrja å slå igjennom i Storbritannia, sjølv om han allereie hadde gjort stor suksess i USA. Albumet Elton John kom ut våren 1970 på DJM Records og Pye Records i Storbritannia og Uni Records i USA. Den første britiske singlen hans, «Your Song», vart sleppt i byrjinga av 1971. Albumet vart snart hans første hitalbum og nådde nummer fire på albumlistene Billboard 200. Eit anna album, Tumbleweed Connection, vart gjeve ut i USA seinare i 1970.

Albumet Madman Across the Water kom ut i november 1971. Dette er sannsynlegvis Elton John sitt mest undervurderte album.[treng kjelde] Grunnen til dette kan vere tidspunktet det vart utgjeve. Davey Johnstone vart med Elton John Band i 1972 på gitar og bakgrunnsvokal. Honky Château kom ut i mai 1972. Dette albumet var det første som nådde heilt til toppen på albumlista i USA. Det var òg det første albumet som blei verande på Billboard Top 200-lista i over eitt år. I Storbritannia vart det det første albumet til John som nådde topp tre. Både «Rocket Man» og «Honky Cat» vart hitsinglar, og Honky Château vart difor det første albumet med to hitsinglar.

Albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player kom ut i byrjinga av 1973, og inneheldt mellom anna hitane «Crocodile Rock» og «Daniel».

Albumet Goodbye Yellow Brick Road (1973) hadde hittitlar som «Candle in the Wind», «Bennie and the Jets», «Saturday Night's Alright for Fighting» og «Goodbye Yellow Brick Road». Albumet er framleis rekna som den største prestasjonen hans. I løpet av 1970-talet gav Elton John og gruppa hans ut 17 album på 9 år, mellom dei Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy (1975) og Blue Moves (1976), som ofte blir sett saman med Goodbye Yellow Brick Road som dei beste i karrieren hans.

Caribou vart utgjeve i 1974, og sjølv om detnådde første plassen, var det allment rekna som eit dårlegare album. Det inneheldt «The Bitch Is Back» og allsidigheit i orkestrale songar med «Don't Let the Sun Go Down on Me».

På albumet Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy avslørte John sin tidlegare ukjende personlegdom, med tekstar av Taupin som skildrar dei tidlege dagane sine som slit låtskrivarar og musikarar i London. «Someone Saved My Life Tonight» var hitsingelen frå dette albumet, og teke frå eit tidleg vendepunkt i livet til John.

1979–1989

John og Taupin vart gjenforeinte seint i 1979. Albumet 21 at 33, utgjeve i 1980, var ein betydeleg karriereløft, hjelpt av hans største hit på fire år «Little Jeannie». I 1982 gav Elton og bandet hans ut albumet Jump Up!, hans andre under ein ny amerikansk platekontrakt med Geffen Records.

John kom tilbake til hitlistene med albumet Too Low for Zero i 1983, som hadde «I'm Still Standing» og «I Guess That's Why They Call It the Blues». Denne hadde Stevie Wonder på munnspel og nådde nummer fire i USA, den største hiten til John der sidan «Little Jeannie».

Elton gav ut mange andre singlar på 1980-talet som nådde Topp 10, mellom anna «Sad Songs (Say So Much)» frå albumet Breaking Hearts (1984), «Nikita» frå albumet Ice on Fire (1985) og «I Don't Wanna Go on with You Like That» frå albumet Reg Strikes Back (1988). I 1989 gav John ut albumet Sleeping with the Past oppnådde i 1990 sin første britiske hit på eiga hand med «Sacrifice».

Seinare karriere

I 1992 gav John ut albumet The One, hans høgast plasserte utgjeving sidan Blue Moves. Den sjølvtitulerte singelen vart ein global hit og gjev albumet stor suksess. John underteikna med Taupin ein utgjevingsavtale med Warner Music for om lag 39 millionar dollar over 12 år.

Saman med Tim Rice skreiv John songane for Disney-filmen The Lion King (1994). Singelen «Can You Feel the Love Tonight» og «Circle of Life» vart store hittar. Etter utgjevinga av lydsporet blei albumet verande på toppen av Billboard-listene i 9 veker. I 1995 gav John albumet Made in England, som inneheldt hitsinglane «Believe» og «Made in England», og ei samleplate kalla Love Songs utgjeve året etter. I 1997 publiserte Elton albumet The Big Picture med singelen «Something About the Way You Look Tonight». Songen «Candle in the Wind 1997» selde 33 millionar eksemplar etter gravferda til Prinsesse Diana av Wales.

Personleg liv

Seksualitet og familie

På slutten av 1960-åra var Elton John forlova med sekretæren Linda Woodrow. I 1984 vart han gift med Renate Blauel, men det vart spekulert i om giftarmålet var eit forsøkt på å skjule hans homofile legning. Allereie i 1976 i eit intervju med magasinet Rolling Stone kom Elton John ut som biseksuell, men etter skilsmissen frå Blauel in 1988 fortalte han same magasin at han var komfortabel med å vere homofil.

I 1993 starta forholdet med David Furnish, som han inngikk partnerskap med 21. desember 2005. 25. desember 2010 vart dei foreldre til sonen Zachary Jackson Levon Furnish-John, som vart fødd ved hjelp av surrogatmor.

Elton John 
Elton John under konsert i Skien i 2009.

Diskografi

Studioalbum

Samlealbum

Litteratur

  • Elton John: A Visual Documentary, Nigel Goodall, Omnibus Press, 1993. ISBN 0-7119-3078-3
  • His Song: The Musical Journey of Elton John, Elizabeth Rosenthal, Billboard Books, 2001. ISBN 0-8230-8892-8

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Elton John Liv og virkeElton John Personleg livElton John DiskografiElton John LitteraturElton John KjelderElton John BakgrunnsstoffElton John194725. marsBernie TaupinBillboardDen britiske imperieordenenEnglandGrammy AwardLåtskrivarPianistVokalist

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Gunnhild SundliPanserbataljonenBoge i arkitekturenHurtigrutaKvintakkordThomas JeffersonMichael UhrmannSpelet HundreWikipediaStrilMusikkgruppa GåteStein EriksenIsbreDet norske alfabetetTongaHomofili1300-taletEtanSpekkhoggarDonald TrumpGeologiEselOrganistAusterrikeKjell Hovda20. aprilJohn ErtzgaardHotel CaliforniaThorleif HaugTankbilVinterSinaihalvøyaAndreas BlochByar i Hellas2019Tidslinje over norsk historieJavier CulsonErnst VettoriKaptein SabeltannGamme2002UnicodeSteve PorcaroKevlarDei fem K-ane i sikhismenBetasuppeSamleieAndreas WidhölzlSergej SjojguMotreformasjonTørkeVolda kommuneHumleJonas Gahr StøreSør-AfrikaHenrik IbsenVaremerkeAdolf HitlerBrunKvenerVendlandLysÅkerbærISO 8601MidsommarAnagramØKelly ClarksonJødedommenJesusDet nederlandske koloniriketStand by MeVerdas skriftsystemProfessor emeritusMiddelhavetMøre og Romsdal fylkeA4🡆 More