The Smashing Pumpkins

The Smashing Pumpkins er ei amerikansk rockegruppe frå Chicago i Illinois.

Ho blei danna i 1988 av Billy Corgan (vokal, gitar) og James Iha (gitar), medan D'arcy Wretzky (bass) og Jimmy Chamberlin (trommer) blei medlemmer av bandet seinare same året.

The Smashing Pumpkins
The Smashing Pumpkins
OpphavChicago, Illinois, USA
Periode1988–2000, 2005–i dag
Aktiv1988, 2006–2000
SjangerAlternativ rock
PlateselskapCaroline, Virgin, Hut, Constantinople, Martha's Music, Rocket Science
MedlemmerMike Byrne
Billy Corgan
Nicole Fiorentino
Jeff Schroeder
Tidlegare medlemmerJimmy Chamberlin (inntil 2009)
James Iha (inntil 2000)
Melissa Auf der Maur (1999-2000)
D'arcy Wretzky (inntil 1999)
PrisarGrammy Award for Best Hard Rock Performance, MTV Video Music Award for Video of the Year, MTV Video Music Award for Best Visual Effects

Saman med Nirvana og Pearl Jam var Smashing Pumpkins blant dei største alternative rockegruppene på 1990-talet. Leia av Billy Corgan i rollene som låtskrivar, vokalist, gitarist, pianist og produsent skapte Smashing Pumpkins ei særeiga blanding av arenarock, progressiv rock, grunge, hard rock og seinare elektronisk rock. Med Corgan sin karakteristiske vokal skilte stilen dei frå andre grupper i same periode. Siamese Dream og dobbeltalbumet Mellon Collie and the Infinite Sadness er rekna som to av dei viktigaste rockealbuma frå 1990-talet. Begge albuma blei rangert blant dei 10 beste platene frå 1990-talet av Rolling Stone-lesarar.

Interne strid, narkotikamisbruk og synkande platesal førte til at gruppa gav seg i 2000. Billy Corgan og Jimmy Chamberlin gjendanna gruppa i 2006. Dei novarande medlemmene er Billy Corgan (vokal, gitar), Jeff Schroeder (gitar), Nicole Fiorentino (bass) og Mike Byrne (trommer). Gruppa har selt over 18,75 millionar album berre i USA, og over 30 millionar album totalt.

Diskografi

Gish, Siamese Dream og Pisces Iscariot blei 2012 relanserte i remastera deluxe-utgåver. Mellon Collie and the Infinite Sadness og Adore blei relansert på same måte i 2012/13. Machina - The Machines of God og Machina II/The Friends and Enemies of Modern Music blei kombinert til eit dobbeltalbum i 2013, slik intensjonen opphavleg var.

Studioalbum

Titel Listeplassering
1991 Gish US #195
1993 Siamese Dream US #10, UK #4
1995 Mellon Collie and the Infinite Sadness US #1, UK #4
1998 Adore US #2, UK #5
2000 MACHINA/the Machines of God US #3, UK #7
2000 MACHINA II/the Friends and Enemies of Modern Music gratis på internett
2007 Zeitgeist US #2, UK #4
2009-nå Teargarden by Kaleidyscope gratis på internett
2012 Oceania US #4, UK #19
2014 Monuments To An Elegy
2015-2016 Day For Night
2018 Shiny and Oh So Bright, Vol. 1 / LP: No Past. No Future. No Sun.
2020 Cyr
2023 Atum: A Rock Opera in Three Acts

Bandmedlemmer

Periode Bandmedlemmer Album
(1988 - 1996)
  • Billy Corgan - vokal, gitar
  • James Iha - gitar
  • D'arcy Wretzky - bass
  • Jimmy Chamberlin - trommer
  • Gish (1991)
  • Siamese Dream (1993)
  • Mellon Collie and the Infinite Sadness (1995)
(1996 - 1998)
  • Billy Corgan - vokal, gitar, klaver
  • James Iha - gitar
  • D'arcy Wretzky - bass
  • Adore (1998)
(1998 - 1999)
  • Billy Corgan - vokal, gitar
  • James Iha - gitar
  • D'arcy Wretzky - bass
  • Jimmy Chamberlin - trommer
  • MACHINA/the Machines of God (2000)
(1999 - 2000)
  • Billy Corgan - vokal, gitar
  • James Iha - gitar
  • Jimmy Chamberlin - trommer
  • MACHINA II/Friends and Enemies of Modern Music(2000)
(2000 - 2006)

Oppløsning

(2006 - 2009)
  • Billy Corgan - vokal, gitar, bass, keyboard
  • Jimmy Chamberlin - trommer
  • Zeitgeist (2007)
(2009 - 2012)
  • Billy Corgan - vokal, gitar
  • Mike Byrne - trommer
  • Nicole Fiorentino - bass
  • Jeff Schroeder - gitar
  • Teargarden by Kaleidyscope (2009-)
  • Oceania (2012)
(2012 - 2014) Billy Corgan - vokal, gitar

Jeff Schroeder - gitar

Tommy Lee - trommer

Nicole Fiorentino - bass

2014- Billy Corgan - vokal,gitar

Jeff Schroeder - gitar

Mark Stoemer - bass

Brad Wilk - trommer

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

The Smashing Pumpkins DiskografiThe Smashing Pumpkins BandmedlemmerThe Smashing Pumpkins KjelderThe Smashing Pumpkins BakgrunnsstoffThe Smashing PumpkinsBilly CorganChicagoIllinois

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LundefuglDet britiske imperietManchester CityNettlesarMayenYottagramMyteSvake substantivMarit VoldsæterMRaudstrupeIstanbul3469Hanne SkartveitDompap1921Bryllaupet mellom arvestorhertug Guillaume og grevinne Stéphanie de LannoyVêrfenomenRockNynorskVebjørn SelbekkRadikalismeLascauxDen kinesiske kalenderenWiki CommonsNoregAsker kommuneEstlandDidrik Solli-Tangen10QKurdistan i IrakKvartal1948Folkerepublikken KinaNintendoMidthavsryggKumøkkLohengrinUmberto NobileGerda Grepp36SongspottefuglBergen kommuneKjemi88Islam18Agenda 203019KolonialhandelAstrid LindgrenDet tredje riketMetan2Notbåt12LøveAnarkismeAuguste CharloisBauksittPrositDei sameinte nasjonaneMadagaskarKommunismeHideto TakahashiVinstraCatherine av CambridgeJoni MitchellHovudside33Minar-e-PakistanDet latinske alfabetetLangfredagRekreasjon🡆 More